Hopp til innhald

Fagstoff

Postpakkar

Etter at vi kunne sende post elektronisk, har portoinntektene Posten får frå brevpost falle drastisk. For å kompensere for dette har postorganisasjonar over heile verda starta som samlastspeditørar. Her lærer du at postorganisasjonane framleis sender postpakkar i konkurranse med samlastspeditørane.
Lastebil fra Bring kjører over bru.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du må vite litt om korleis du skal handtere pakkar som er sende som postsendingar. Posten hadde tidlegare einerett på alle brevsendingar som vog under 1 kg. No er grensa for eineretten til Posten redusert til 50 g.

Vi fekk ei ny postlov i 1996 med ei tilhøyrande postforskrift (sjå lenkjene i margen). Lovendringa var eit resultat av lovgivinga i EU. Postforskrifta definerer desse omgrepa:

Landsdekkende postsending

- brevpost inntil 2 kg
- aviser og blad i abonnement inntil 2 kg
- lettgods inntil 20 kg som formidles landsdekkende eller i et geografisk begrenset område

Adressert postsending

- mottakers navn og eventuell leveringsadresse er påført postsendingen
- sending som kun har mottakers navn, og som utleveres i henhold til adresseliste, er også adressert

Postoperatør

- enhver som i ervervsvirksomhet formidler landsdekkende postsendinger

Formidling

- innsamling, sortering, transport og/eller utlevering av landsdekkende postsendinger

Regelmessig formidling

- formidling som (for eksempel) skjer daglig, ukentlig eller månedlig gjennom en etablert budtjeneste eller liknende

Lukket adressert brevpost

- sending som er lukket slik at det er nødvendig å bryte omslaget for å komme til innholdet
- adressert brevpost som er lagt i gjennomsiktig omslag

Ubesørgelig postsending

- postsending hvor postoperatøren ikke finner frem til mottakeren eller avsenderen
- postsending som verken mottakeren eller avsenderen vil motta

Registrert postsending

- postsending som det gis kvittering for ved innlevering og som utleveres mot kvittering

Tabell: Omgrep ved postsendingar

I dag deler vi marknaden for post inn i registrerte og uregistrerte sendingar. Registrerte sendingar består blant anna av pakkar og rekommanderte sendingar. For slike sendingar har Posten fått konkurranse frå fleire internasjonale selskap. Eksempel er UPS, Tollpost og Schenker, som alle har eit utbygd terminalnett (sjå lenkjer i margen).

Når noko blir send som postpakke, gjeld postlova og forskrift om formidling av landsdekkjande postsendingar (sjå lenkjer i margen). Dels dreier dette seg om å formidle større brev- og pakkesendingar frå næringslivet, dels om å distribuere aviser og massepost i form av adressert og uadressert reklame. Vilkåra for slike sendingar går fram av leveringsvilkåra til postoperatøren.

Postlova opererer ikkje med nokon fraktførar som avtalepart, berre ein avsendar og ein postoperatør. Rettane til partane blir regulerte av leveringsvilkåra postoperatøren har for slike sendingar.

Lenker

Dei generelle leveringsvilkåra til Posten

Postlova

Postforskrifta

UPS

PostNord

Schenker

Schenker er eit av selskapa som har tatt opp konkurransen med Posten.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.12.2018

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar