Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder etikken i ulike TV-konsept

I denne oppgåva skal de gjennomføre ei medieetisk vurdering av nokre populære TV-konsept. Kva for nokre etiske utfordringar må programskaparane ta stilling til undervegs i produksjonen? Kva konsekvensar kan programma få for deltakarane og dei som blir omtalte?
Foto av unge, feriekledde menn og kvinner som ser på ein TV-skjerm der det blir vist bilete av ein ung mann og ei ung kvinne i badetøy på ei strand. Logoen til TV Norge er synleg i biletet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppearbeid

Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe gjer ei etisk vurdering av to av desse TV-konsepta. Vel konsept med ulik profil. (Nokre kanaler krev innlogging).

Vurderingsgrunnlag

  • Kva medieetiske utfordringar kan oppstå i eit slikt TV-konsept?

  • Korleis synest de produsenten har handtert desse utfordringane?

  • Kva konsekvensar kan det få å delta i eit slikt TV-konsept?

  • Kva konsekvensar kan det få for dei som blir omtalte, eller for pårørande eller likesinna?

  • Ville du ha delteke i eit slikt program? Kvifor? Kvifor ikkje?

Klassediskusjon

Gruppene presenterer vurderingane sine for resten av klassen.

Diskuter deretter i samla klasse kva for nokre etiske krav som bør stillast til TV-konsept som skal sendast på norsk fjernsyn.

Relatert innhald

Deltakarane i realityseriane opptrer som seg sjølve, ikkje som fiktive personar. Konfliktar er avgjerande for å skape spenning i seriane.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar