Fagstoff

Utlevering av gods til kunde

Publisert: 09.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Passasjer med koffert

Her lærer du korleis du skal avslutte ein inngått fraktavtale.

PDA, personleg digital assistentPDA, personleg digital assistent
Fotograf: Fredrik Solstad
 

 

Skadt godsSkadt gods  

Når ein mottakar krev å få godset sitt levert, eller når mottakaren får levert godset sitt, trør mottakaren inn som part i fraktavtalen. Samtidig trør avsendaren ut av fraktavtalen.

Partane i ein transportavtalePartane i ein transportavtale
Opphavsmann: Gunnar Ottesen

Når mottakaren får godset sitt, skal han alltid kvittere for å ha fått det, anten på sjølve fraktbrevet eller på ein PDA (personleg digital assistent), som er meir vanleg i dag. Samtidig skal sjåføren skanne strekkoden på sendinga ein siste gong for å oppdatere sporingsinformasjonen som fortel at godset er levert til mottakaren. Når distribusjonssjåføren er tilbake ved terminalen, dokkar han PDA-en. Dermed blir sporingsinformasjonen oppdatert automatisk.

Dersom godset har synleg skade når det blir levert, skal mottakaren merkje av dette i merknadsrubrikken i fraktbrevet eller på annan måte. Sjåføren skal signere på at skaden var der ved utleveringa.

Om mottakaren nektar å ta imot godset, gjeld framleis fraktavtalen mellom avsendaren og fraktføraren. Fraktføraren må derfor få ein ny forholdsordre frå avsendaren om kva som skal skje med godset.

For avsendaren inneber dette å inngå ein ny transportavtale. Derfor må alle opplysningar om det nye fraktoppdraget bli notert som om det var ei ny sending.