Fagstoff

Sortering av mottatt gods for vidare transport

Publisert: 09.10.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Passasjer med koffert

Her lærer du korleis gods frå avsendarterminalar blir sortert.

Etter at godset er mottatt, undersøkt og fraktberekna, skal fraktbrevnummeret eller sendingsnummeret på kolliet bli skanna. Deretter skal godset sorterast i

  • gods som skal vidare lokalt
  • gods som skal vidare til andre regionar

 Sortering av gods på ein terminalSortering av gods på ein terminal
Opphavsmann: Gunnar Ottesen

Lokalgods sorterer vi på distribusjonssonar i nærområdet rundt terminalane. Lokalgods som skal vidare over litt lengre avstandar, sorterer vi på regionale distribusjonsruter som kan gå éin eller fleire vekedagar, avhengig av godsmengd.

Sortering av lokalgods på distribusjonssonar og regionale distribusjonsruterSortering av lokalgods på distribusjonssonar og regionale distribusjonsruter
Opphavsmann: Gunnar Ottesen

Alt gods som skal vidare til andre regionar, lastar vi samla i éin konteinar (eller så mange som vi treng for å få med alt). Konteinaren går så med bil, båt eller bane til sentralterminalen. Der blir konteinaren lossa saman med gods frå resten av landet. Alt gods blir skanna på nytt, slik at sporingsinformasjonen om godset blir oppdatert. Det automatiske sorteringsanlegget i sentralterminalen sorterer deretter pakkane, slik at alt som skal til same mottakarterminal, hamnar ved riktig port for konteinarar som skal vidare.

Godset blir så lasta i konteinarar og sendt vidare til mottakarterminalane. Mottakarterminalane skannar alt innkommande gods for å oppdatere sporingsinformasjonen nok ein gong. Deretter sorterer logistikkoperatørane godset på distribusjonssonar og distribusjonsruter for vidare transport til mottakarane.