Fagstoff

Formeiring hos algar

Publisert: 27.09.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Tareskog

Algar er fotosyntetiserande organismar som hovudsakleg lever i vatn. Dei kan formeire seg ukjønna ved celledeling eller fragmentering. Vi finn alle former for kjønna formeiring hos dei fleircella algane, inkludert generasjonsveksling som landplantane har. Dei nærmaste slektningane til landplantane er ei gruppe grønalgar. Formeiringa til algane dannar derfor eit viktig grunnlag for å forstå overgangen til eit liv på land.

 

Mangfold av alger.Mangfald av algar. 
   

HavsalatEr denne havsalaten ein gametofytt eller ein sporofytt, tru?  

 

 

Illustrasjon av grønnalger, rødalgre og brunalger.Raudalgar, brunalgar og grønalgar er dei mest kjende gruppene av algar. Desse algegruppene høyrer til ulike rike.   

 

 

Rødalger og brunalger i fjæresonen.Algar er avhengige av vatn gjennom heile livsløpet.      

 

Avhengie av vatn

Algane lever i hovudsak i vatn og er avhengige av vatn gjennom heile livsløpet. Gametane må oftast symje for å finne kvarandre, og kjønnsorgan og zygote manglar vanlegvis vernande vev. Enkelte brunalgar og kransalgane er unntak.

 

 

 

Kransalger i vannet.Den einaste diploide fasen hos kransalgane er zygoten.  

Formeiring hos algar

Nokre algar er eincella og formeirar seg ukjønna ved celledeling. Dei større fleircella algane kan formeire seg ukjønna ved fragmentering av plantedelar.

Den kjønna formeiringa hos algane viser stor variasjon. Nokre algar er haploide mesteparten av livssyklusen med zygoten som det einaste diploide stadiet (haplontisk livssyklusHaplontisk livssyklus Hos somme grønalgar er det fleircella stadiet haploid. Det einaste diploide stadiet er zygoten som blei danna ved befruktninga. Zygoten går raskt i meiose og dannarhaploide sporar, som veks til ein ny haploid organisme.Diplontisk livssyklus Hos dei fleste dyr, inkludert mennesket, og hos nokre brunalgar er det berre kjønnscellene som er haploide. Organismen er diploid gjennom heile livslaupet.  Haplodiplontisk – generasjonsveksling Hos artar med generasjonsvekslingOrganismar med generasjonsveksling vekslar gjennomlivsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og einfleircella haploid fase (gametofytt).Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.Generasjonsveksling hos plantar. finst det ein fleircella diploid og ein fleircella haploid fase. Det varierer kva for fase som er dominerande. Grønalgen havsalat er eit eksempel på ein organisme der den haploide gametofyttgenerasjonen er like stor som den diploide sporofyttgenerasjonen.). Andre er diploide mesteparten av livssyklusen med kjønnscellene som det einaste haploide stadiet (diplontisk livssyklusHaplontisk livssyklus Hos somme grønalgar er det fleircella stadiet haploid. Det einaste diploide stadiet er zygoten som blei danna ved befruktninga. Zygoten går raskt i meiose og dannarhaploide sporar, som veks til ein ny haploid organisme.Diplontisk livssyklus Hos dei fleste dyr, inkludert mennesket, og hos nokre brunalgar er det berre kjønnscellene som er haploide. Organismen er diploid gjennom heile livslaupet.  Haplodiplontisk – generasjonsveksling Hos artar med generasjonsvekslingOrganismar med generasjonsveksling vekslar gjennomlivsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og einfleircella haploid fase (gametofytt).Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.Generasjonsveksling hos plantar. finst det ein fleircella diploid og ein fleircella haploid fase. Det varierer kva for fase som er dominerande. Grønalgen havsalat er eit eksempel på ein organisme der den haploide gametofyttgenerasjonen er like stor som den diploide sporofyttgenerasjonen.). Dei aller fleste algane har derimot generasjonsvekslingOrganismar med generasjonsveksling vekslar gjennomlivsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og einfleircella haploid fase (gametofytt).Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.Generasjonsveksling hos plantar. der dei vekslar mellom ein diploid og ein haploid fleircella fase. Denne typen kjønna formeiring finn vi igjen hos alle landplantane.

Generasjonsveksling hos havsalat

Hos grønalgen havsalat ser sporofytten og gametofytten like ut (isomorf generasjonsveksling). Sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Desse veks til gametofyttar som produserer gametar ved mitose. Både sporar og gametar kan bevege seg. Gametane ser like ut (isogamiIsogami og anisogami Når kjønnscellene ser like ut, seier vi at dei er isogame, og når dei er ulike, seier vi dei er anisogame. Hos mange organismar, som dei store pattedyra og alle landplantar, har hoene store store, urørlege holege kjønnsceller som blir kalla egg. Kjønnscellene til hannen er derimot små, gode symjarar og blir kalla sædceller. Ein slik kombinasjon kallar vi oogami. ), men dei må vere frå ulike individ for å gi ei vellykka befruktning. Den diploide zygoten veks til ein diploid sporofytt.

Livssyklus hos havsalat.Generasjonsveksling hos grønalgen havsalat.  

Generasjonsveksling hos sukkertare

Hos sukkertare ser sporofytten og gametofytten forskjellige ut (heteromorf generasjonsveksling). Gametofytten er redusert i forhold til sporofytten. Dette er òg trekk vi ser i utviklinga til landplantane. Kjønnscellene hos sukkertare er ulike (anisogamiIsogami og anisogami Når kjønnscellene ser like ut, seier vi at dei er isogame, og når dei er ulike, seier vi dei er anisogame. Hos mange organismar, som dei store pattedyra og alle landplantar, har hoene store store, urørlege holege kjønnsceller som blir kalla egg. Kjønnscellene til hannen er derimot små, gode symjarar og blir kalla sædceller. Ein slik kombinasjon kallar vi oogami. ): Den eine manglar flagellar, kan ikkje bevege seg og er stor (eggcelle), mens den andre kan bevege seg og er lita (sædcelle). Dette systemet finn vi igjen hos landplantane og dei fleste dyr. Sukkertare har eigne hann- og hoplantar (særbu) og kjønnsorgan som til ein viss grad vernar gametane og zygoten.

SukkertareSporofytter hos sukkertare.
Fotograf: Per Arvid Åsen
  

Kransalgane

Kransalgane er ei gruppe grønalgar som er nærmare i slekt med landplantane enn det dei andre grønalgane er. Forløparen til landplantane var truleg ein primitiv kransalge som levde i eit akvatisk miljø med seleksjon for å tole periodevis uttørking.

I livssyklusen til kransalgane er det einaste diploide stadiet zygoten (haplontisk livssyklusHaplontisk livssyklus Hos somme grønalgar er det fleircella stadiet haploid. Det einaste diploide stadiet er zygoten som blei danna ved befruktninga. Zygoten går raskt i meiose og dannarhaploide sporar, som veks til ein ny haploid organisme.Diplontisk livssyklus Hos dei fleste dyr, inkludert mennesket, og hos nokre brunalgar er det berre kjønnscellene som er haploide. Organismen er diploid gjennom heile livslaupet.  Haplodiplontisk – generasjonsveksling Hos artar med generasjonsvekslingOrganismar med generasjonsveksling vekslar gjennomlivsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og einfleircella haploid fase (gametofytt).Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.Generasjonsveksling hos plantar. finst det ein fleircella diploid og ein fleircella haploid fase. Det varierer kva for fase som er dominerande. Grønalgen havsalat er eit eksempel på ein organisme der den haploide gametofyttgenerasjonen er like stor som den diploide sporofyttgenerasjonen.). Zygoten går rett i meiose og dannar haploide sporar som veks opp til ein fleircella haploid gametofytt, den synlege kransalgen. Kransalgane dannar fleircella kjønnsorgan og har, i likskap med sukkertaren, kjønnsceller med ulik storleik og rørsleevne.

Relatert innhald