Hopp til innhald

Fagstoff

Terminalnett

Her lærer du korleis samlastspeditørar har organisert verksemda si for å kunne tilby eit landsdekkjande transporttilbod.
Godsterminal DHL.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein samlastspeditør tar på seg fraktføraransvar overfor avsendarar av gods (sjå lenkje i marg). Det inneber at samlastspeditøren har ansvaret for at sendinga blir frakta frå avsendarstaden til mottakarstaden. For å makte dette bruker han eller ho mange undertransportørar.

Ei effektiv terminalbehandling er avgjerande for å transportere ei pakke raskt frå A til B. Dei fleste pakkene er innom tre terminalar på veg frå avsendar til mottakar:

  • ein avsendarterminal
  • ein sentralterminal
  • ein mottakarterminal

Lokalgods er berre innom éin terminal.

Eksempel på terminalnett for ein samlastspeditør
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit terminalnett består av ein sentralterminal og mange store og små terminalar spreidde rundt i landet. Om terminalane ligg for tett, blir det for lite gods til å fylle ein hel konteinar dagleg ved kvar terminal. Ein måte å løyse dette på er å samle opp gods over fleire dagar og tilby berre éi rute i veka. Men då går leveringsservicen ned. Samlastspeditørane har ulike terminalnett, ulike kundar, ulike marknadsdelar og dermed også ulik geografisk dekning.

Kvar dag leverer godskundar pakker til terminalar som ligg spreidde over heile landet. Lokalgods tar desse terminalene hand om sjølv. Gods som skal vidare til andre regionar, blir lasta i konteinarar som så går med bil eller som kombitransportar (intermodale transportar) med bil–tog, bil–båt eller bil–båt–tog til sentralterminalen.

Postens Godssenter.foto.

Sentralterminalane tar dagleg imot gods frå avsendarterminalar i heile landet. Noko skal bli distribuert i Oslo-området, der sentralterminalane ligg, mens resten skal vidare til mottakarterminalane. Sentralterminalane har derfor ein stor sorteringsjobb å gjere. Eit eksempel er Postens Godssenter, som sorterer ca. 100 000 pakker kvar dag.

For å klare dette bruker sentralterminalane automatiske sorteringsanlegg. Eit slikt anlegg sorterer pakker som skal til same mottakarterminal, slik at dei hamnar på lasterampen for konteinaren som går til mottakarterminalen. Sorteringskriteriet er postnummeradressa til mottakaren. Derfor er det viktig at postnummeradressa til mottakaren ikkje blir skadd i transportkjeda. Dette kan du lese meir om ved å gå inn på lenkja «Sorteringsanlegg» i margen.

Bagasjesorteringsanlegget på Gardermoen er ein parallell. Dette har kapasitet til å sortere ca. 5000 koffertar per time, slik at dei hamnar ved «gaten» for fly som skal gå. Her er sorteringskriteriet flightnummeret, som igjen er kopla til passasjernummeret (PNR – passenger name record). Derfor er det viktig at strekkoden på bagasjelappen ikkje blir skadd. Om bagasjen er lasta på flyet og passasjeren som har sjekka inn bagasjen, ikkje går gjennom boardingkontrollen, må bagasjen til passasjeren bli fjerna før flyet kan ta av.

Lenkjer

Fraktføreransvar

Merking for sortering av gods

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.12.2018

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar