Fagstoff

Aktivitør

Publisert: 31.08.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Eldremanikyr i Bergen

Dersom du liker å arbeide med andre menneske og sjølv er glad i å drive ulike former for handverks- og formingsaktivitetar, kan aktivitør vere yrket for deg. Aktivitørar finn vi på svært mange slags arbeidsplassar. Det kan vere i arbeid med barn og ungdom i skolar, barnehagar og skolefritidsordning. Det kan vere i arbeid med eldre i sjukeheimar, dagsentra og omsorgsbustader. Eller det kan vere i arbeid med menneske som av ulike grunnar treng rehabilitering på sjukehus, verna bedrifter eller rehabiliteringssentra.

Aktivitør hjelper elev. Foto.Aktivitør hjelper elev    

Aktivitørfaget skal byggje på det friske og reparerbare i alle menneske.  Endringar  i samfunnet, sjukdom, skadar eller alder kan føre til at mange menneske kan ha problem med å finne seg til rette i skole, arbeid og fritid. Aktivitøren skal medverke til å leggje til rette for disse slik at den enkelte kan oppnå ei kjensle av meistring, kanskje også oppleve ei større meining med livet. Respekt for det enkelte mennesket er helt grunnleggjande for aktivitørens arbeid. Og personlege eigenskapar som at du har godt humør er tolmodig og vennleg kan komme godt med.

Aktivitør for eldre
Leverandør: NRK
 

Aktivitør spiller sjakk med elever. Foto.Aktivitør Sjakk  

Som aktivitør treng du ikkje vere spesialist på bestemte handverk, men må lære deg å aktivisere andre menneske i ulike handverks- og formingsaktivitetar. Det kan vere treskjering, korgfletting, strikking, brodering, veving, teikning og maling, eller det kan vere kulturaktivitetar som konsertar, kino, teater og museumsbesøk. Det kan vere andre sosiale og trivselsskapande aktivitetar som spel, kafébesøk og turar i skog og mark, eller det kan vere hjelp og opplæring i daglegdagse aktivitetar som påkleding, matlaging og lesing.

For betre å forstå korleis arbeidsdagen for ein aktivitør kan vere, tok vi turen til Økern sykehjem i Oslo. Der møtte vi Gunn Soløst, som har arbeidd som aktivitør i 26 år. I tillegg til 56 demente faste bebuarar blir det også drive to dagsenter med sine eigne aktivitørar. Dei færraste av bebuarane på Økern sykehjem er i stand til å halde på med eit handarbeid. Dei blir derfor aktiviserte først og fremst gjennom ulike turar og ikkje minst gjennom song og musikk. Det er også tilsett ein musikkterapeut på sjukeheimen.

Aktivitør (Lang vers)  

Den dagen vi kjem på besøk skal det vere musikk-kafé på sjukeheimen. Her syng dei kjende songar, og det blir servert kaffi og is. Og denne dagen var det fint besøk på musikk-kafeen. Ei lita gruppe barn frå Økern barnehage, som er nærmaste nabo til sjukeheimen, kom for å framføre det vesle eventyret om dei tre bukkane som skulle til fjells og måtte passere over ei bru der det låg eit troll under. Og som aktivitør er Gunn Soløst utkledd som kafévertinne og leier arrangementet med stø hand. 

Aktivitør (Kort vers)
Leverandør: NRK
Det er brukarane sine evner, ønske og interesser som bestemmer aktivitetane. Derfor må aktivitøren vere god til å kommunisere med andre, vere ein god lyttar og ha evne til å leve seg inn i situasjonen til andre menneske. Som aktivitør må du lære deg mange verkemiddel som du kan spele på, og det gjeld å vere oppfinnsam og leggje til rette for aktivitetar som passar den enkelte brukaren. Det er du som aktivitør som må finne ut av behova og planleggje aktivitetane for den enkelte.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning som Aktivitør på skole Vg2, og deretter eit tredje år Vg3 som Aktivitør i bedrift. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.