Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ei radiosending med eit lokalt band

Foto av Siri Knudsen som held ein lydopptakar. Ho har langt raudt hår og ser i kameraet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Siri om bandintervju

0:00
-0:00

Arbeidsoppdrag

Lytt til Siris lydmontasje. Du skal no lage ein liknande produksjon på cirka tre minutt der du presenterer eit lokalt band på heimstaden din.

Bruk dei same verkemidla som Siri har brukt i innslaget ovanfor. Som innklippslyd kan du bruke musikk og bitar av intervju med bandmedlemma.

Gjer lydopptak med ein lydopptakar, eller bruk mobilen din. Rediger opptaket i Audacity eller eit anna lydredigeringsprogram.

Lag ein køyreplan for ei radiosending som du skal spele av for klassen din. Sendinga skal innehalde ein jingle, ein introduksjon, lydmontasjen din, eventuelt eit musikkinnslag og ei utannonsering, og vare maks 5 minutt.

Spel av sendinga i klassen og be om tilbakemelding frå medelevar og lærar på desse punkta:

  • Intervju og forteljingsstruktur
  • Stemmebruk og språk
  • Avviklinga av sendinga
  • Lydkvalitet
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Siri Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Produser lyd