Oppgåve: Drøfte

Refleksjonsoppgåver til "Formeiring hos plantar"

Publisert: 19.09.2012, Oppdatert: 03.08.2017
Brunalger på hvit sandbunn

Ved å jobbe med desse oppgåvene vil du forstå betre kva utfordringar plantane møtte då dei erobra landjorda. Du vil òg få eit betre grunnlag for å forstå korleis dei ulike plantegruppene har løyst utfordringar spesielt knytte til formeiring på land.

Nærbilde av mose.  

Store, grønne bregner mellom trærne.Skogbotn med bregnar.  

Plante med røde bær og blanke, tykke blad.Tyttebær.

  1. Kva slags utfordringar møtte plantane då dei erobra landjorda?

  2. Kva to sentrale hendingar markerer overgangen mellom sporofytt- og gametofyttgenerasjonen hos plantar?

  3. Gametane (kjønnscellene) hos plantane blir danna ved mitose. Korleis blir kjønnsceller danna hos menneskja og dei fleste dyra som ikkje har generasjonsveksling?

  4. Kva slags fordelar trur du plantar som tilpassa seg landlivet, fekk?

  5. Mange landplantar har eit voksaktig ytre lag som blir kalla kutikula. Kva slags funksjon trur du dette har?

  6. Kva forskjellar og likskapar er det mellom sporar og kjønnsceller?

  7. Kvar blir zygoten laga hos dei fleste algar, og kvar blir zygoten danna hos landplantane? Kva er eit embryo?

  8. Kva fordelar kan plantar ha av ukjønna formeiring? Kjenner du nokre eksempel?
Relatert innhald

Generelt