Fagstoff

Formeiring hos plantar

Publisert: 19.09.2012, Oppdatert: 01.08.2017
Bie dekt av pollen

Plantane erobra landjorda for rundt 500 millionar år sidan. Overgangen frå eit liv i vatn til eit liv på land baud på utfordringar mellom anna knytte til formeiring.
Betre tilgang på karbondioksid og lys til fotosyntesen og ein jamnare næringstilgang er blant fordelane med landlivet. Vi skal her sjå nærare på formeiringa til plantane, først og fremst korleis den kjønna formeiringa gradvis har gjort seg uavhengig av vatn.

Undersiden av bregneblader.Sporehus frå sisselrot. 

Tverrsnitt av et frø som viser planteembryoet.Embryo. 

Embryofyttar

Landplantar har, i motsetnad til dei fleste algar, beskyttande strukturar rundt både kjønnsceller og zygote. Den umogne planten, embryoet, får vern og næring tidleg i utviklinga. Landplantane blir derfor òg kalla embryofyttar.

 

Kva er ein plante?Omgrepet "plantar" er litt upresist. Ofte blir det brukt om organismar med klorofyll a og b og omfattar då alle landplantane og grønalgane. "Plantar" kan òg inkludere raudalgane og brunalgane med mindre det blir presisert at det er grøne plantar som er omtalte. Raudalgar og brunalgar har òg klorofyll, men inneheld i tillegg andre fargepigment som overkøyrer det grøne klorofyllet.Somme gonger blir alle dei grøne plantane rekna med i "planteriket", og andre gonger blir "planteriket" brukt berre om landplantane (mosane og karplantane), som òg blir kalla embryofyttar. 

 

Hvit blomsterplante med mange yngleknopper langs stengelen.Harerug kan formeire seg ukjønna med yngleknoppar.  

Elektronmikroskopbilde av pollen i mange fasonger og farger.Pollen frå fleire artar. 

Frøstand formet som en trearmet stjerne.Frø som er klare til spreiing.

Kjønna formeiring

Kjønna formeiring hos dei fleste algar og alle landplantar vekslar i løpet av livssyklusen mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og ein fleircella haploid fase (gametofytt). Dette fenomenet blir kalla generasjonsvekslingOrganismar med generasjonsveksling vekslar gjennomlivsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og einfleircella haploid fase (gametofytt).Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.Generasjonsveksling hos plantar..
plansje som viser livssyklus hos planter.Generasjonsveksling hos plantar. Overgangen frå den diploide til den haploide fasen skjer altså gjennom meiose (reduksjonsdeling), mens overgangen frå den haploide til den diploide fasen skjer gjennom samansmelting av to kjønnsceller (befruktning).  

Reduksjon av gametofyttstadiet

Hos mange grønalgar er sporofytten og gametofytten likeverdige. Gametofytten dominerer livssyklusen til mosane, mens gametofytten hos karsporeplantane er liten og kortliva. Gametofytten hos frøplantane er endå meir redusert, til ein usjølvstendig fåcella fase innkapsla i sporofytten. Reduksjonen av gametofyttstadiet har skjedd parallelt med at frøplantane i stadig større grad har blitt uavhengige av vatn og dermed har fått ei betre tilpassing til livet på land.
Planse som viser viser at sporofyttstadiet blir mer dominerende hos landplanter.Utviklinga av landplantane viser ein reduksjon av gametofyttstadiet. 

Avhengige av vatn

Rød torvmosetopp. Foto.Alle mosar og karsporeplantar er avhengige av vatn under befruktninga.  Dei enklaste landplantane er avhengige av vatn for å gjennomføre livssyklusen fordi den hannlege kjønnscella må symje til den holege for at befruktninga skal kunne skje. Først når frøplantane utvikla pollen og frø, blei plantane heilt uavhengige av vatn ved formeiringa, og dei kunne etablere seg på stadig større og tørrare delar av landjorda.


Ukjønna formeiring

Mange plantar formeirar seg ukjønna (vegetativt); dei dannar altså avkom utan befruktning. Dette skjer mellom anna med yngleknoppar, grokorn, lausriving av fragment som etablerer seg som nye individ, og til og med frøsetjing utan befruktning.


Formeiring og spreiing

Vi seier at mosar og karsporeplantar "formeirar" seg med sporar, mens frøplantane "formeirar" seg med frø. Dette er forenkla og upresist. Den kjønna formeiringa hos alle landplantar skjer med både sporar og gametar, mens det er spreiinga frå morplanten som er med høvesvis sporar og frø.

Oppgåver
Relatert innhald