Begrep

Generasjonsveksling

Publisert: 19.09.2012, Oppdatert: 27.07.2017

Organismar med generasjonsveksling vekslar gjennom
livsløpet mellom ein fleircella diploid fase (sporofytt) og ein
fleircella haploid fase (gametofytt).

Den diploide sporofytten produserer haploide sporar ved meiose. Sporane utviklar seg til haploide gametofyttar som produserer kjønnsceller ved mitose. Livssyklusen er fullført når to kjønnsceller smeltar saman til ein diploid zygote som veks opp til ein ny diploid sporofytt.

Plansje med piler mellom haploid og diploid fase.Generasjonsveksling hos plantar.