Aktualitet

Jakta på den gode tonen

Publisert: 12.09.2012, Oppdatert: 04.03.2017

Fiolinbygger som lager fioliner, bratsjer og celloerNØYAKTIG: Fiolinbyggjaren Jacob von der Lippe lagar fiolinar, bratsjar og celloar. Det er 10–15 fiolinbyggjarar i Noreg, men dei fleste bruker mesteparten av tida på å reparere instrument.   

Fiolinbygger Jacob von der LippeDELEKULTUR: Det er meir vanleg no enn før at fiolinbyggjarane delar fagkunnskapen med kvarandre, trur von der Lippe. Det gagnar alle, fortel han.  

 

 

Varmt jern BØYINGA: Fiolinmakaren bruker det varme jernet til å forme sidene på celloen, sargen, slik at dei får dei fine kurvene. Den tynne plata av flammelønn blir bøygd og forma litt etter litt.   

 

 

HøvelHØVEL: Den ørvesle høvelen er ikkje større enn ein tommelfingernagl. Han er berre éin av svært mange reiskapar som instrumentmakaren bruker til å forme treemnet til eit strykeinstrument.  

 

 

Materialer til fiolinMATERIALANE: To reale stykke gran frå Dei italienske Alpane skal bli sjølve lokket på celloen. Etter at treet er felt, må det liggje i mange år før det er klart til å brukast i instrument.  

 

 

FlammelønnFLAMMELØNN: Når flammelønna er behandla og har fått seg nokre strøk med lakk, kjem mønsteret i treet ekstra godt fram, slik som på denne bratsjen. 

Instrumentbyggjar

Han fuktar den halvanna millimeter tjukke plata av flammelønn og legg ho mot det varme jernet på arbeidsbenken. Instrumentbyggjar Jacob von der Lippe drar til Cremona, slik han har gjort så mange gonger før. Litt etter litt gir treet etter, og trestykket får den fine kurva som særmerkjer fiolinar, bratsjar, celloar og kontrabassar.

Snart festar han sargen, som trestykket eigentleg heiter, til botnen av det som skal bli ein speleklar cello – eit halvt år etter at arbeidet starta. 

– Kvart instrument har sitt lynne, seier von der Lippe.

Fiolinbyen

Frå 1500-talet utvikla den norditalienske byen Cremona seg til å bli sjølve årestaden for instrumentbygging. Fiolinbyggjarar frå Amati-familien sette standarden og fekk følgje av medlemmer av Guarneri-familien og Antonio Stradivari (1644–1737), eit namn dei fleste drar kjensel på.

Og det er fiolinane frå dei gamle meistrane som framleis er dei som er mest verde i kroner og øre. Så seint som i fjor gjekk ein stradivarius (eit instrument bygd av Stradivari) på auksjon for rundt 90 millionar kroner.

Derfor er det ikkje heilt tilfeldig at det var til den internasjonale fiolinbyggjarskulen i Cremona von der Lippe drog for å lære seg faget. Like lite tilfeldig er det at grantreet han bruker i instrumenta sine, er henta frå Dei italienske Alpane.

– Gode materialar gir eit godt grunnlag. Har du dårlege materialar, er det heilt uråd å lage eit godt instrument, seier han og knakkar med knokane på eit ubehandla stykke tre.

– Høyr ... Det er mykje liv!

Rasehest

Men same kor godt treet er, skal du forme, høvle, pusse, justere, lime og lakke mykje og omhugsamt før du har laga eit godt instrument. Og det er heilt avgjerande for klangen korleis instrumentet er utforma og proporsjonert. Arven frå dei italienske meistrane står fjellstøtt. Framleis blir dei fleste instrumenta bygde over den same leisten, som kopiar av dei kjente modellane. 

Nordmannen Henning Kraggerud, ein av dei mest etterspurte fiolinistane i Skandinavia, speler på ein fiolin som vart bygd av Giuseppe Guarneri i 1744.

– Ein verkeleg god fiolin er den som best lar meg uttrykkje kjenslene i musikken, og som samtidig har bereevna i ein stor sal mot eit orkester. Han har stor variasjonsrikdom og nok tonevalørar til å forme klangen i fine nok nyansar, fortel Kraggerud.

Etter i seks år å ha spelt på ein lånt guarnerius til mange millionar kroner, oppdagar han stadig nye sider ved instrumentet, som han samanliknar med ein rasehest. 

– Dei er ikkje dei lettaste å spele på, og det tar lang tid å utforske og lære dei å kjenne. Når så mange av dei aller beste musikarane har enda opp med ein stradivarius eller guarnerius, er det for lettvint å kalle det jåleri, seier Kraggerud.

Nye instrument

Men også Kraggerud har glede av instrument som er laga i dette hundreåret – til dømes når meisterfiolinen bør skånast for vêr og vind under utekonsertar.

Guarneri og Stradivari laga fantastisk gode instrument, og derfor er dei etterspurte, fortel Kraggerud. Men han synest nok at dei beste moderne fiolinmakarane lagar betre instrument enn andre fiolinbyggjarar på den tida.

– Fleire av dei fiolinane eg bruker, er bygde dei siste åra. Så det er ikkje slik at rike pappaer må kjøpe ein guarnerius for at barnet deira skal ha noko bra å spele på, seier Kraggerud.

Eit namn er likevel ingen absolutt garanti for god kvalitet, meiner von der Lippe, som håper at det kan bli meir variasjon blant fiolinbyggjarane i framtida. Det siste året har han byrja å lage eigne modellar i staden for å kopiere gamle italienske fiolinar, celloar og bratsjar. 

– Åra frå 1550 til 1750 var ein klassisk periode for bransjen, som låg nede fram til 1800-talet. Eg trur fiolinbygginga no er inne i ein ny gullalder. Det blir bygd meir, og det er høgt nivå på mykje av det som blir gjort, seier von der Lippe.

 

Faktum om Antonio Stradivari

  • Antonio Stradivari (1644-1737) er kanskje den mest kjente fiolinbyggjaren i verda.
  • Stradivari var vidgjeten for dei gode instrumenta sine allereie i samtida.
  • Han laga rundt 1100 instrument. Om lag 540 av fiolinane, 12 av bratsjane og 50 av celloane hans er tatt vare på og finst den dag i dag.
  • Stradivariusar kostar i dag fleire titals millionar kroner.


(Kjelde: Store norske leksikon / NTB)

Relatert innhald

Generelt