Hopp til innhald

Fagstoff

Kampen om nyheitsbiletet

Det globale medielandskapet er i endring. Tidlegare vart internasjonal nyheitsformidling styrt av store amerikanske og europeiske nyheitsbyrå og nyheitskanalar. Nye internasjonale TV-kanalar, nettbaserte nyheitstenester og sosiale medium bidreg til eit meir nyansert nyheitsbilete.

Nyheitsbyrå, nyheitsmedium og nyheitskanalar

Nyheitsbyrå er mediebedrifter som samlar inn og vidaresel nyheiter til ulike nyheitsmedium. Slik får vi informasjon om det som skjer i område der nyheitsmedia ikkje har eigne reporterar til stades. Nyheitsbyråa har derfor ei viktig rolle i internasjonal nyheitsformidling. Associated Press, Reuters og Tass er døme på internasjonale nyheitsbyrå. Norske NTB er eit nasjonalt nyheitsbyrå.

Nyheitsmedium er mediehus som jobbar redaksjonelt med produksjon av nyheitssaker. BBC, Al Jazeera og NRK er døme på nyheitsmedium.

Nyheitsmedia formidlar redaksjonelt omarbeidde nyheitssaker gjennom nyheitskanalane sine. Døme på nyheitskanalar er BBC World, Russia Today TV (RT TV) og Aaljazeera.com.

Verda sett frå Vesten

Angloamerikanske nyheitskanalar som BBC og CNN har i mange år dominerte det internasjonale nyheitsbiletet. Nyheitsbyrået Inter Press Service (IPS) var lenge den einaste alternative kjelda til nyheiter frå "den tredje verda".

I dag slåst fleire internasjonale TV-stasjonar om å definere kva som er sanninga om det som skjer. Mykje tyder no på at det globale mediebiletet er i ferd med å endre seg radikalt.

Angloamerikansk hegemoni blir utfordra

Ein av dei viktigaste aktørane er den arabiske TV-kanalen Al Jazeera som vart grunnlagt i 1996. Den 16. november 2006 vart den engelske versjonen av Al Jazeera lansert. Al Jazeera er eigd av Qatar Media Corporation, som igjen er eigd av Qatars overhovud Sheikh Hamad bin Khalifa al Thani.

I 2005 etablerte Russland den internasjonale nyheitstenesta Russia Today TV. I samband med den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 vart sendingane til kanalen i USA og Vest-Europa blokkerte.

Kina har sidan 2000 formidla nyheitene sine via China Central Television, CCTV-9. Begge kanalar presenterer verdshendingane på engelsk, 24 timar i døgnet, gratis på nettet, og med ein tilsynelatande objektivitet – vel å merke verda slik ho ser ut frå Russland eller Kina.

Ein skjerm viser ei nyheitssending frå det statlege TV-selskapet CCTV, der Kinas president Xi Jinping vender seg til verdsleiarar på G20-møtet i Roma via videolink på eit kjøpesenter i Beijing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verda sett frå sør

Den 7. juni 2007 offentleggjorde den sørafrikanske statskanalen South African Broadcasting Corporation (SABC) at dei ville satse på å etablere ein panafrikansk TV-kanal, som eit svar på lanseringa av den amerikanskeigde CNBC Afrika. Slik ville dei byggje ein afrikansk identitet der afrikanarar kommuniserer med kvarandre over landegrensene, og gi resten av verda tilgang til afrikanske nyheiter som ikkje berre handlar om krig, sjukdom og katastrofar.

Den same utviklinga ser vi i Latin-Amerika. I Venezuela har president Hugo Chavez vore drivkrafta bak La Nueva Television del Sur (Telesur), ein latinamerikansk satellittkanal etter modell av Al Jazeera. Telesurs direktør grunngir skipinga av denne TV-kanalen slik:

– There is an urgency to see ourselves through our own eyes and to discover our own solutions to our problems. (Allan, S. 2010)

Eit nyheitsanker, ei ung kvinne med mørkt hår og raud jakke, snakkar inn i eit TV-kamera. I bakgrunnen ser vi ein TV-skjerm med logoen til Telesur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Internasjonale nyheitsbyrå og nyheitskanalar

Internasjonale nyheitsbyrå

  • AFP (Agence France-presse) – fransk nyheitsbyrå

  • AP (Associated Press) – amerikansk nyheitsbyrå

  • DPA (Deutsche Presse-agentur) – tysk nyheitsbyrå

  • Reuters – britisk nyheitsbyrå

  • ITAR-TASS – russisk nyheitsbyrå

  • UPI (United Press International) – amerikansk nyheitsbyrå

  • Xinhua – kinesisk nyheitsbyrå

Sjå fullstendig oversikt over nyheitsbyrå i Store norske leksikon.

Nokre internasjonale nyheitskanalar

Nettaviser og nyheitsfeeds som nyheitskanal

Internett gir menneske over heile verda enkel tilgang til utanlandske nettaviser. Men språklege barrierar hindrar dei fleste av oss å lese nettaviser gitt ut i Equador, Mali og Usbekistan. Vi er derfor avhengige av å hente informasjon frå internasjonale nyheitskanalar, som formidlar nyheiter på eit verdsspråk vi meistrar.

Nyheitsaggregatorer er eit omgrep som blir brukt om teknologiske løysingar som viser innhald frå ulike nyheitskjelder på ein og same nettstad. Eit døme på ein slik nettstad er den amerikanske tabloide nettstaden Buzzfeed. 75 prosent av trafikken kjem frå sosiale medium, og lesarane er i hovudsak mellom 18 og 34 år.

Ei undersøking utført av Forbruksforskingsinstituttet SIFO i 2016 viser at Buzzfeed også er ei populær nyheitsteneste blant unge i Noreg.

Grafisk framstilling som viser at mange har høyrt om nyheitskanalar som Huffington Post og Buzzfeed, og færre om Google News og The Daily Mash. 29 % følgjer Buzzfeed i sosiale medium, elles har dei andre nyheitskanalane relativt få følgjarar. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Strøymefjernsyn som nyheitskanal

Utviklinga frå lineær-TV til digital fjernsynsdistribusjon gjer internasjonale TV-kanalar tilgjengelege over heile verda. Det utvidar perspektivet for dei fjernsynssjåarane som orkar å følgje med på alt.

Norsk fjernsynssjåarar som abonnerer på Canal Digital, har til dømes dagleg tilgang til nyheitskanalane Deutche Welle, BBC World News, Sky News, CNN, og Al Jazeera. I tillegg kjem kanalane Bloomberg og CNBC som formidlar internasjonale økonomi-nyheiter.

YouTube, Instagram og TikTok som nyheitskanalar

Våren 2007 lanserte den eine kanalen etter den andre dei mest populære TV-sendingane sine på YouTube. Først ute var Al Jazeera, så kom France 24 og like etter følgde dei andre etter. Sendingane blir lagde ut på både arabisk, engelsk og morsmålet. Nyheiter blir i dag også formidla gjennom sosiale medium som Facebook, Instagram, Twitter og TikTok.

Døme:

Kampen går ut på å vinne fram med sitt perspektiv, sitt verdsbilete. Og det er den yngre generasjonen som er hovudmålgruppa for desse nye nettbaserte globalkanalene. Ei undersøking frå 2018 viste til dømes at ein tredel av norske ungdommar brukte sosiale medium som nyheitskanal. Ein mediebrukundersøkelse frå 2021 viser likevel at interessa for nyheiter på Facebook er dalande.

Utfordrar statleg mediekontroll

Nyheitsformidling via sosiale medium kan skape hovudbry for nasjonale styresmakter, sidan nyheiter i sosiale medium spreier seg raskt når dei blir delte og retwitra.

Russland valde i mars 2022 å forby Facebook og Twitter. Slik stengde dei den tilgangen russiske borgarar hadde til vestlege nyheiter. Vesten hadde då, på si side, allereie blokkert vestlege borgarar sin tilgang til nyheiter frå russiske Sputnik og RT.

Google som nyheitskanal

Google News vart lansert i 2018. Det er ei nyheitsteneste som tilbyr brukartilpassa nyheiter. Men i fleire land har Google fått kritikk for at dei på denne måten prøver å tene pengar på reklame som blir kopla til innhald dei ikkje har betalt for.

Som ein reaksjon på denne kritikken har Google tilbode seg å løfte fram kvalitetsjournalistikk som gir nyheitene meir merksemd og større rekkjevidde.

Resultatet er at stadige fleire "" vurderer og siler ut kva nyheiter vi som nyheitskonsumentar får tilgang til.

Sosiale medium som alternative nyheitskjelder

Private aktørar i sosiale medium bidreg også til nyheitsformidling. Det blir delt ufatteleg mange bilete frå hendingar der ingen journalistar er til stades. Det gir ei unik moglegheit til å sjå kva som faktisk skjer, men det gjer det vanskelegare å at det som blir formidla, er sant.

Nyheitsforteljingar er alltid tolkingar av det som har hendt. I det ligg ei moglegheit for å formidle nyheitssaker som byggjer på feilinformasjon, desinformasjon og konspirasjonsteoriar. Undersøkingar har vist at mange amerikanarar i dag ukritisk hentar sin informasjon om verda frå ikkje-redaksjonelle kjelder.

Viktige omgrep

Kjelder

Allente. Kjenner du til alle våre nyhetskanaler hos Canal Digital? Henta 8. mars 2022 frå https://www.allente.no/allente-bedrift/Nyhetskanaler/

Allan, S. (2010). The Routledge Companion to News and Journalism. http://sites.psu.edu/comm292/wp-content/uploads/sites/5180/2014/08/The_Routledge_Companion_to_News_and_Journalism.pdf

Alnes, E. (2020, 16. februar). Google vurderer å betale mediehus for nyheiter. NRK.no. https://www.nrk.no/kultur/google-vurderer-a-betale-mediehus-for-nyheiter-1.14904656

Henriksen, T. (2021, 5. november). Ny rapport fra MBL: – Færre bruker Facebook som nyhetskilde. Medier24. https://m24.no/mbl/ny-rapport-fra-mbl--faerre-bruker-facebook-som-nyhetskilde/418453

Lyngve, E. & Syvertsen, T. (2020, 2. desember). Nyhetsbyråer. Store norske leksikon. https://snl.no/nyhetsbyr%C3%A5

Slettemeås, D. & Kjørstad, I. (2016). Nyheter i en digitalisert hverdag. (Oppdragsrapport nr. 10 - 2016). Forbruksforskningsinstituttet SIFO, Høgskolen i Oslo og Akershus. https://www.medienorge.uib.no/files/Eksterne_pub/2016_sifo_nyheter_digitalisert_hverdag.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling