Hopp til innhald

Fagstoff

Gjestar med spesielle behov

Det er viktig at omgjevnadene er lagde til rette slik at flest mogleg kan delta i samfunnslivet. Det gjeld også på reiser og på hotell. Krava om universell utforming har mykje å seie for reiselivsnæringa.
Hånd leser blindeskrift på informasjonstavle i Botanisk Hage på Tøyen i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjestar med funksjonshemming

I Noreg reknar ein med at opp mot 10 % av befolkninga har ei funksjonshemming. Mange av dei treng tilrettelegging av det fysiske og sosiale miljøet for at dei skal kunne delta i aktivitetar.

Det er eit mål å auke deltakinga i arbeids- og samfunnslivet for funksjonshemma. Når forholda er lagde til rette for det, kan funksjonshemma delta på linje med andre. Ofte er det slik at utforminga av omgjevnadene kan forsterke ei funksjonshemming. Men viss forholda er lagde til rette for eksempel for rullestolbrukarar, med heisar, breie dører, inngang utan trapper og så vidare, er det ikkje så vanskeleg å ta seg fram.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) definerer funksjonshemming slik:

«Som grunnlag for sin virksomhet har FFO en forståelse av funksjonshemning som en konflikt mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av menneskers selvstendighet og sosiale tilværelse.»

(§ 1 i FFOs vedtekter)

Universell utforming

Lover og forskrifter stiller krav om universell utforming av bygningar, uteområde, transportmiddel og produkt. Hensikta er å utforme eit samfunn som er tilpassa alle menneske.

Blant ei rekkje lover og forskrifter nemner vi blant anna:

  • plan- og bygningslova
  • teknisk forskrift til plan- og bygningslova
  • diskriminerings- og tilgjengelegheitslova
  • rundskriv T-5/99 Tilgjengelighet for alle

Krav om universell utforming og likestilling er svært viktig for reiselivet – ikkje minst for spise- og overnattingsstader og transportmiddel.

Aktuelle kjelder:

Med 82 medlemsorganisasjonar, som til saman har meir enn 335 000 medlemmer, er FFO Noregs største paraplyorganisasjon for organisasjonar av funksjonshemma og kronisk sjuke. Du finn informasjon om alle organisasjonane på FFOs nettstad.

Astma og allergi

Astma er ein kronisk betennelsessjukdom i luftvegane som fører til at luftvegane blir meir overømfintlege.

Les meir

Dette fører i sin tur til gjentatte episodar med hoste, tett bryst, tung pust eller aukande surkling; særleg om natta eller tidleg på morgonen. Mellom episodane/anfalla kan pusten verke normal. Astma kan starte i alle aldrar – frå spedbarnsalder til pensjonsalder. Astma er ofte ein arvelig sjukdom som hyppig opptrer saman med atopisk eksem og høysnue. Men somme får astma utan at det finst i slekta.

Allergi er ei form for overømfintlegheit, utan at ein kan seie at all overømfintlegheit skuldast allergi. Spesielle stoff – allergen – utløyser dei allergiske symptoma.

Les meir

Dei vanlegaste allergiske sjukdommane er astma (som også kan ha andre årsaker), høysnue, heilårleg allergisk snue, eksem og anna kløande utslett (som elveblest). Allergisk sjokk er ein sjeldnare, men alvorleg tilstand som krev hurtig behandling. 10 % av den voksne befolkninga i Noreg har astma. Nyare forsking viser at førekomsten av astma blant barn i Oslo er 20 %.

Relatert innhald

Vi ser på kva for praktiske hensyn ein spisestad kan/bør ta til gjestar med astma eller allergi.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.01.2019

Læringsressursar

Behov og ønske