Hopp til innhald

Fagstoff

Ansikt til ansikt med gjestene

Korleis ønskjer vi å bli tekne imot i resepsjonen på eit hotell eller på ein spisestad? Her skal vi sjå på kva vi meiner med vertskap, og forventningane gjestene har til vertskapet.
En kvinne sjekker inn på et hotell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Er det nokon heime?»

Tenk deg at du er invitert i bursdagsselskapet til ein god venn. Ytterdøra står på gløtt. Du tittar inn, men ser ingen. Du opnar døra forsiktig og går inn. Framleis er ingen å sjå, ingen å høyre. Kvifor er det ingen som tek deg imot? Du blir litt uroleg. Har det skjedd noko? Du står og ventar ei stund. Etter eit par minutt kjem vennen din og mor hans opp frå kjellaren med kaker og brus. Usikkerheita di forsvinn.

Kva om ein liknande situasjon hadde oppstått om du hadde komme inn i ein restaurant eller ein resepsjon på eit hotell? Om resepsjonisten ikkje løftar blikket når vi kjem, oppfattar vi det som uhøfleg og eit uttrykk for manglande interesse. Vi set pris på å bli sett og tekne godt imot. Eit vennleg blikk og eit smil får oss til å føle oss velkomne. Augekontakt signaliserer interesse. Eit blikk – eller manglande blikk – fortel meir enn mange ord.

Kva er ein vert?

Ein vert er ein person som tek imot gjester. Ordet vert høyrer saman med beverte, som betyr «å servere eit måltid». Som vert skal du sjå til at alle gjestene dine kjenner seg velkomne, at dei trivst, og at dei får mat, drikke og god service. Dei som har denne oppgåva, kallar vi vertskap.

Vertskapsrolla må sjåast frå perspektivet til gjesten. Eit profesjonelt vertskap ser til at alle har det triveleg, og utfordringa her er at gjestene har ulike forventningar. Gjester fortel venner og kjende korleis dei opplevde å vere gjest, noko som gjer rolla som vertskap viktig og utfordrane.

Kva er ein gjest?

Når vi bur på hotell, er vi gjestene til hotellet. Ordet gjest kjem av det norrøne ordet gestr, som tyder «framand».

Ein gjestgivar er ein person som tek imot reisande og gir dei kost og losji mot betaling.
Eit gjestebod tyder å invitere gjester.
Å vere gjestfri er å vere gåvmild. Er du gjestfri, steller du godt med gjestene.

Både gjesterolla og vertskapsrolla varierer med årsaka til at vi er på reise. Som yrkesreisande har vi andre forventningar enn gjester som er på ferie.

Relatert innhald

Kva slags forventningar gjesten har, heng blant annet saman med grunnen til at han/ho er på reise. Vi ser på ulike gjeste- og vertskapsroller.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Behov og ønske