Hopp til innhald

Fagstoff

Vaktverksemdslova

I sikkerheitsbransjen er det spesielle lover som styrer verksemdene. Det vil seie at alle verksemdene som sel tenester innanfor sikkerheitsfaget, må tilfredsstille ein del lovkrav. Vaktverksemdslova er sentral.
To Securitas-vakter på jobb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vaktverksemdslova er svært sentral for all verksemd innanfor sikkerheitsbransjen.

I tillegg er det viktig å kjenne til regelverket innanfor brannvern, samferdsel, flyplasskontroll og skipsanløp, avhengig av i kva næring sikkerheitsarbeidet skal utførast.

Vaktverksemdslova

Denne lova regulerer all vaktverksemd i Noreg. Lova er laga som følgje av ønsket i bransjen om like rammevilkår og ønsket i samfunnet om å regulere bransjen slik at useriøse selskap blir luka ut.

Lova regulerer ei rekkje område, mellom anna bruk av uniformer. Sjølve lovteksten er svært kort og gir rom for tolking. Det er derfor gitt ut ei forskrift som meir detaljert beskriv dei ulike tolkingane.

I § 28 i forskrifta står det:

Uniformen skal være tilpasset tjenesten som utføres og være tydelig merket med virksomhetens navn. På venstre brystside skal uniformen ha merket «vekter» eller «vekter under opplæring» for personell under opplæring. På uniform som benyttes av ansatte i Statens forvaltningstjeneste, Domstoladministrasjonen og Stortinget kan «vekter» erstattes med «security». Uniform som benyttes av ordensvakt uten vekterkompetanse skal være merket med «ordensvakt» eller «ordensvakt under opplæring» for personell under opplæring.

Det står òg at uniforma skal godkjennast av løyvings- og kontrollmyndigheita, mellom anna fordi uniforma ikkje skal kunne forvekslast med uniformene til politiet, Forsvaret eller tollvesenet.

Lova spesifiserer òg kva krav eit vaktselskap må innfri for å få løyve til å utføre arbeidet, kva utdanning dei tilsette må ha, og kva type forsikring vaktselskapet må ha.

Krav om tilfredsstillande vandel

Alle tilsette og leiarar i eit vaktselskap må ha tilfredsstillande vandel. Det vil seie at eventuelle merknader på rullebladet blir vurderte av selskapet som tilset. Merknader som omhandlar vald, vinning, narkotika og sedskap, utelukker ifølgje forskrifta tilsetjing.

Det er viktig at sikkerheitsbransjen verkar seriøs, og det er høge forventningar til at alle sikkerheitsselskapa er grundige og strenge ved tilsetjingar. Hugs at selskapa skal passe på verdiane til andre menneske og bedrifter.

Teieplikt

For å tilfredsstille både lovverket og kundane til sikkerheitsselskapa er det heilt naudsynt å ha eit system for teieplikt blant dei tilsette i sikkerheitsbransjen.

Teieplikt vil seie at du som tilsett har plikt til å halde det du ser, høyrer og lærer i bedrifta du utfører sikkerheitstenester for, hemmeleg.

I dei fleste sikkerheitsselskapa er det krav om at du signerer ein teielovnad som omfattar alt du måtte kome over av informasjon hos kundebedriftene.

Politilova

Paragraf 26 i politilova inneheld eit generelt forbod mot privat rettshandheving, og saman med politilova § 1 slår ho fast at det er staten som har einerett på politimyndigheit. Løyve til å opprette og drive vaktverksemd blir gitt av politiet. Private vaktselskap må oppfylle ei rekkje krav som blir regulerte av lovverket, som krav til alder, tilfredsstillande vandel og krav til uniform.

Nyttige lenkjer

Lov om vaktvirksomhet

Forskrift om vaktvirksomhet

Våpen i sikkerheitstenesta?

Tilsette i vektarteneste skal utføre arbeidet sitt utan våpen og har berre høve til å bruke makt i den grad det er heimla i § 48 i straffelova – det vil seie i naudverje. Vektarar skal òg bere synlege ID-kort til kvar tid.

Alder i sikkerheitstenesta?

Vaktverksemdslova krev at du er minimum 18 år gammal for å arbeide i vaktteneste. Skal du starte eige sikkerheitsselskap, må du vere minimum 21 år.

Politiattest

Du kan søkje politiet om politiattest (ofte kalla vandelsattest). Ein politiattest inneheld opplysningar om kva som er registrert om deg i registera til politiet. Ei rekkje yrke krev framvising av politiattest før ein blir tilsett.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik, Monica Gjertsen Steinbakken og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Lover og reglar i tryggingsbransjen