Hopp til innhald

Fagstoff

Vanlege lovbrot

Som tryggleiksmedarbeidar vil du kunne støyte på ei rekkje ulike lovbrot i arbeidet ditt. Her skal vi sjå nærare på dei vanlegaste av dei.
Spesialjakke for tyveri
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tjuveri

Tjuveri er å ta ein ting som heilt eller delvis høyrer til ein annan. Verdien på tingen er her over 2000 kroner. Reglane om tjuveri er straffelova §§ 321-323 (tyveri).

I butikkar blir det vurdert som tjuveri når gjenstanden er tatt forbi siste kassapunkt eller alarmbøyle utan ha blitt betalt for. Dette er viktig å vite i jobben som vektar/tryggleiksmedarbeidar.

Mindre tjuveri

Reglane er dei same som for tjuveri. Det blir kalla midre tjuveri når verdien på tingen er under 2000 kroner.

Ran

Det blir kalla ran dersom ein skaffar seg ein ting som andre eig, med vald eller med truslar om vald. For eksempel er det ran – og ikkje tjuveri – dersom ein person har ein pistol i handa mens han krev å få pengar frå kassa på ein bensinstasjon. Sjå §§327-329 i straffelova.

§ 327 i straffelova omhandlar ran, mens § 328 omhandlar grovt ran. Vurderingane om eit ran er grovt eller ikkje, kjem an på om det er brukt skytevåpen eller anna farleg reiskap, om ranet er nøye planlagt, om det er ran av forsvarslause personar, eller om det er snakk om store verdiar.

Sjølv om det blir brukt lekevåpen (softgun og liknande), blir det rekna som grovt ran. Grove ran blir naturleg nok straffa strengare enn «alminnelige» ran.

Skadeverk

Skadeverk vil seie å øydeleggje, skade eller gjere ubrukeleg noko som høyrer til andre. Det blir skilt mellom mindre skadeverk (§ 353 i straffelova) og grovt skadeverk (§ 352 i straffelova).

Det er grovt skadeverk dersom skaden er stor, om menneskeliv er sette i fare, om skaden er rasistisk motivert, eller om skaden er retta mot offentlegheita. Grovt skadeverk blir straffa strengare enn simpelt skadeverk.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Juss og yrkesetikk