Fagstoff

Marknadsundersøkingar

Publisert: 17.09.2012, Oppdatert: 28.06.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Mikrofon

En marknadsundersøking er eit verktøy bedrifter kan bruke for å finne svar på eit definert marknadsføringsproblem dei står overfor, til dømes når dei trenger eit betre grunnlag for å fastsetje mål, eller når dei vil måle effekten av gjennomførte marknadskampanjar. Marknadsundersøkinga er ein systematisk prosess der ein samlar inn data, analyserer dei og rapporterer funn som kan gi konkrete svar. 

Bilete av ei dame framfor ein skjerm.Ein må førebu ei marknadsundersøking godt for å eit vellykka resultat.  

Bilete av ei plante med dollarsetlar.Marknadsundersøkingar er eit ledd i arbeidet med få bedrifta til å «blomstre», det vil seie å auke profitten. 

Bilete av to vaksne menn som evaluerer på ei tavle. Det er viktig å følgje gode prosedyrar når ein gjennomfører marknadsundersøkingar. 

Bilete av dollarsetlar.Marknadsundersøkingar er ressurskrevjande.

Ulike typar marknadsundersøkingar

Marknadsundersøkingar kan ta føre seg ulike eksterne tilhøve som bedrifta ønskjer seg meir informasjon om:

  • marknadskarakteristika
    (konkurrentar, kundar, verdi på marknaden og så bortetter)
  • marknadspotensial
  • marknadsdel
  • sal
  • trendar
  • konkurransetilhøve
  • prissetjing
  • testing av eksisterande produkt
  • grad av tilfredsheit blant kundar

Videoklippet under viser ei litt spesiell spørjeundersøking på gata. Ingen skal påstå at arbeidet «i felten» er enkelt!

Eit kostnadskrevjande tiltak

Bruken av marknadsundersøkingar varierer blant bedrifter, alt avhengig av kva for ein bransje dei er i, kva for produkt dei sel, og korleis den interne kulturen er med tanke på marknadsundersøkingar. Store forbrukarorienterte bedrifter vil ofte ha tre til fire marknadsundersøkingar kvart år, medan mindre bedrifter gjerne må nøye seg med færre – for marknadsundersøkingar kostar mykje pengar.

Marknadsundersøkingsprosessen

Føremålet med marknadsundersøkingar er først og fremst å hjelpe bedrifta til å ta så gode avgjerder at ho betrar profitten sin. Derfor er det viktig å definere tydeleg kva undersøkinga skal gi svar på. Vidare må ein arbeide systematisk og følgje dei fem trinna i marknadsundersøkingsprosessen: 

  1. Først definerer ein problemet ein vil løyse, og svara undersøkinga skal gi.
  2. Deretter utviklar ein ein undersøkingsplan. Han må
    mellom anna seie noko om kva for datakjelder og undersøkingsmetodar ein skal bruke, korleis deltakarane skal veljast ut, og korleis dei skal kontaktast. 
  3. Neste steg er å hente inn marknadsinformasjonen ifølgje planen.
  4. Marknadsinformasjonen må så analyserast.
  5. Til slutt presenterer ein resultata.

Flytdiagram.

Relatert innhald

Aktuelt stoff