Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal berekraft

Her skal vi sjå nærmare på korleis ulike segment (målgrupper) vel forskjellige reisemål. Spesielt skal vi komme inn på korleis ulike segment vurderer og vel blant berekraftige internasjonale reiselivstilbod.
Dykker og grønn havskillpadde i havet utenfor Madivene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frivillig i utviklingsland

Norsk ungdom kan reise til mange land i blant anna Afrika, Asia og Sør-Amerika og kombinere grøn turisme med korte arbeidsoppdrag på natur- og miljøprosjekt. Tanken er at du kan få ei unik oppleving som frivillig i utlandet samtidig som du gjer ein innsats som kjem til nytte i eit lokalsamfunn.

Ulike produkt og segment

Berekraftig utvikling står høgt på den politiske dagsordenen i store delar av verda. Reiselivsnæringa er ein av dei største industriane i verda. Ei rekkje organisasjonar og verksemder arbeider med berekraftig turisme (sustainable tourism).

World Travel & Tourism Council (WTTC)

World Travel & Tourism Council (WTTC) er ein global organisasjon. Organisasjonen har som mål å auke kunnskapen om reiseliv og turisme. WTTC har markert seg sterkt for eit miljøvennleg reiseliv.

Morgondagens turisme – Tourism for Tomorrow

WTTC er ansvarleg for Tourism for Tomorrow-prisane som blir delte ut kvart år. Målet med prisutdelinga er å løfte fram dei beste døma på berekraftig reiseliv og gi dei internasjonal merksemd.

I 2012 fekk Destinasjon Røros tildelt ein pris for arbeidet sitt med berekraftig reiseliv. Dei fekk prisen fordi arbeidet deira med eit berekraftig reiselivsutviklingsprogram tek opp i seg sosiale, kulturelle, miljømessige og økonomiske forhold for dei mange ulike aktørane og interessentane i reiselivet i regionen.

Du kan lese meir her.

National Geographic Society

Ein av dei største ideelle vitskaps- og utdanningsinstitusjonane i verda, National Geographic Society, har lansert omgrepet geoturisme. Geoturisme er ei form for turisme som «tek vare på, styrkjer og framhevar den lokale eigenarten ved ein stad – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode».

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv