Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftige produkt

Her skal vi sjå på kva som krevst av berekraftige reiselivsprodukt, og kva berekraftig praksis inneber når vi er på reise.
En gruppe på sykkeltur i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftig utvikling av reiselivet

Reiselivsprodukt omfattar fire kategoriar etter kva som skjer på ei reise:

1. transport frå ein stad til ein annan

2. innkvartering, altså ei seng å sove i

3. servering av mat og drikke

4. aktivitetar, altså vitjing av sjåverdigheiter, attraksjonar og andre aktivitetar

Eit reiselivsprodukt består av éin eller fleire av dei fire kategoriane.

Miljøsertifisering

VisitNorway tek føre seg miljøsertifisering av aktivitetar og overnattingsstader. På nettstaden deira finn du ei oversikt over berekraftige reisemål, som er miljøsertifiserte under nemninga «Reis grønt». Det har gjort det enklare å reise «grønt» i Noreg. Desse reisemåla tilfredsstiller strenge reglar og retningslinjer for produksjon og handtering av avfall, energiforbruk, transport, krav til underleverandørar og bruk av kjemikal. På sida finn du også “En guide til miljømerking i Norge”. Dei miljømerka vi møter oftast i norsk reiselivsnæring, er Svanen, Miljøfyrtårn, ISO 14001 og Norsk Økoturisme.

Transport

Korleis kan vi transportere personar på ein økonomisk, sikker og miljøvennleg måte? Dette handlar om tre forhold:

  • Transportmiddel: Vel vi bil, buss, båt, bane eller fly?
  • Økonomisk køyrestil: Korleis kan vi redusere utslepp av miljøfiendtlege stoff og partiklar?
  • Ulykker: Korleis kan vi hindre eller redusere ulykker med dødsfall og alvorlege skadar?

Innkvartering

Korleis kan vi byggje og drive hotell og andre overnattingsstader miljøvennleg?

  • Bygningane kan byggjast med miljøvennlege byggjemateriale, solceller og vatnboren varme.
  • I dagleg drift kan vi bruke lyspærer med låg energibruk, utandørslys styrt av sensorar eller tidsur, sparedusjar, sortere avfallet og redusere talet på skift av sengetøy og handklede.

Servering

Korleis kan vi unngå eller redusere bruken av helse- og miljøskadelege produkt?

  • Unngå bruk av skadelege stoff og råvarer, og erstatt dei med produkt som er mindre skadelege.
  • Behandle avfall i tråd med lover og føresegner og levere næringsavfall til godkjende mottak, setje opp og tømme avfallsbehaldarar i nærleiken av salsstaden, ikkje brenne avfall i små omnar eller liknande.
  • Ha eit retursystem for emballasje.

Aktivitetar

Korleis kan vi få til berekraftig utvikling, vedlikehald og drift av attraksjonar og andre turistaktivitetar?

  • Ta omsyn til naturen ved utvikling av attraksjonen og dei nære omgivnadene.
  • Styrk økonomien og livskvaliteten til lokalbefolkninga.
  • Unngå unødvendig slitasje på sjåverdigheitene
  • Sørg for trygg og miljøvennleg transport til attraksjonane.

Relatert innhald

Korleis kan myndigheiter, produsentar og førarar av transportmiddel ta sin del av ansvaret for å skape berekraftig transport?

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 21.01.2019

Læringsressursar

Berekraftig reiseliv