Hopp til innhald

Fagstoff

Blendaren

Blendaropninga er med på å regulere djupneskarpleiken i bileta dine. Djupneskarpleik vil seie at eit element i biletet er klart og tydeleg, medan andre delar av biletet er dust og uskarpt.

Blendaropninga

Blendaropninga styrer mengda lys som treff den digitale biletbrikka eller filmen. Blendaren er laga av metallblad (lamellar) som ein kan opne og lukke. Blendaropninga kan sammenliknast med auget. Når pupillen utvidar seg, slepp meir lys inn i auget. Dess meir pupillen trekk seg saman, dess mindre lys slepp inn. På same måten vil ei stor blendaropning sleppe inn mykje lys, medan ei lita blendaropning slepp inn mindre lys.

Blendarskalaen

Bildet viser størrelsen på blenderåpninger fra 2,8 til 8. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein kan justere blendaropninga, og storleiken blir oppgitt i blendartrinn, også kalla f-stop. For kvart f-stop eller trinn oppover i skalaen blir lysmengda som slepp inn, halvert.


For nybyrjarar kan desse tala vere vanskelege å forstå, sidan den største blendaropninga tilsynelatande har lågast talverdi, og omvendt. For å rydde opp i mistydingar er det viktig å ha i bakhovudet at desse talverdiane eigentleg er brøkdelar. Blendartrinnet f/4 tyder eigentleg 1/4. f/4 slepp derfor mykje meir lys inn enn f/32, som tyder 1/32.

Djubneskarpleik

Blendaropninga er med på å regulere djupneskarpleiken i bileta dine. Djupneskarpleik vil seie at eit element i biletet er klart og tydeleg, medan andre delar av biletet er dust og uskarpt. Vel du eit lite blendartal (stor blendaropning), som for eksempel f/1.4, vil motivet ditt få liten djupneskarpleik. Då vil fokuspunktet ditt vere skarpt, medan resten av biletet vil vere ute av fokus. Vel du derimot eit stort blendartal (lita blendaropning), for eksempel f/22, vil motivet ditt få stor djupneskarpleik. Då blir ofte både fokuspunktet og bakgrunnen i motivet ditt skarpt.

Kollasj som viser effekten fra stor til liten blenderåpning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugseregel

  • stort blendartal gir stor djupneskarpleik
  • lite blendartall gir liten djupneskarpleik

Bilete med liten og stor djupneskarpleik

Det er tre faktorar som styrer djupneskarpleiken i bilete:

  • blendartal
  • zoom
  • nærleik

Liten djupneskarpleik gir dus og uskarp bakgrunn. Denne effekten eignar seg godt til portrett og objekt då ein ser hovudmotivet tydeleg utan at ting i bakgrunnen uroar eller «kranglar» om sjåaren si merksemd. For å lage eit bilete med liten djupneskarpleik vel du eit lite blendartal (f.eks. f/4.0), set objektivet til full zoom og går fysisk så nært du kan.

Bilete med stor djupneskarpleik er bilete der mest mogleg i biletflata er skarpt. Dette er mykje brukt i landskapsfotografering og fotografering av bygningar (interiør- eller eksteriørbilete). For å lage bilete med god djupneskarpleik gjer du heilt enkelt motsett, du vel eit stort blendartal (f.eks. f/22), bruker minst mogleg zoom og held avstand til motivet.

Kollasj som viser forskjellen på blender 22 og blender 4.0. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips til arbeid med djupneskarpleik

Set kameraet i stilling AV (Canon) eller A (Nikon). Då kan du justere blendaren til den verdien du ønskjer, og la lukkaren stille seg inn sjølv.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Kamerateknikk