Hopp til innhald

Fagstoff

Individuelle pensjonsforsikringar

Alle som ikkje er medlem av ei kollektiv pensjonsforsikring, må teikne individuell pensjonsforsikring for å få rett til pensjon ut over alderspensjonen i folketrygda.
Sjølvstendig næringsdrivande bør teikne ei individuell pensjonsforsikring.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle pensjonsforsikringar er særleg aktuelt i transportbransjen der mange er sjølvstendig næringsdrivande og driv sitt eige enkeltpersonføretak.

For å sikre seg ein pensjon i tillegg til alderspensjonen i folketrygda bør sjølvstendig næringsdrivande teikne ei individuell pensjonsforsikring der dei betaler inn årlege premiebeløp til eit pensjonsfond.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.12.2018

Læringsressursar

Forsikring