Hopp til innhald

Fagstoff

Mediesystem og styreformer

I eit autoritært samfunn er media ofte eit talerøyr for styresmaktene. I eit demokratisk samfunn har media ein kontrollerande funksjon, og dei er viktige kanalar for informasjon og meiningsutveksling.
Foto av handa til ein mann som held ein mikrofon med piggtråd rundt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mediesystem

Ein medieideologi eller eit er ein modell som beskriv rolla til media i eit samfunn. Denne rolla heng nøye saman med måten makta er fordelt på.

Demokratisk styreform

I eit er det folket som gir styresmaktene makt gjennom frie val. Ein av dei viktigaste føresetnadene for eit demokrati er at det finst kanalar for fri meiningsutveksling. I alle demokratiske land finst det derfor lover om .

Media er ein del av maktbalansen og opptrer ofte som kritikarar og vaktbikkjer overfor andre grupper som utøver makt. Nokon fryktar at media som frie, uavhengige aktørar kan få for mykje makt, sidan media i lita grad kan stillast til ansvar av folkevalde organ.

Diktatur

Det motsette av eit demokrati er eit . I eit diktatur har makthavarane enten blitt utpeika av forgjengarane eller tvinga til seg makta gjennom statskupp eller revolusjon.

Eit er eit styresett der styresmaktene har stor makt til å bestemme, same kva folket måtte meine. Dette er vanleg i diktatur, men nokre demokrati har også eit autoritært regime. Døme på det er Russland, Ungarn og Tyrkia.

I slike land kan media vere underlagde førehandssensur eller drive sjølvsensur i frykt for represaliar (hemn). Den teknologiske utviklinga gjer det i dag vanskelegare å hindre innbyggjarane i å dele informasjon og meiningar i .

I eit har styresmaktene all makt, også over media. Nord-Korea, Turkmenistan og Eritrea er døme på totalitære regime. I slike land blir media brukte som tenarar og talerøyr for styresmaktene og forbundsfellane deira.

Illustrasjon av ei folkemengde som består av engasjerte menn og kvinner i 1700-talsklede. Dei har løpesetlar og aviser i hendene, og i bakgrunnen arbeider folk med å trykkje opp dokument.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arven frå den franske revolusjonen

Avisene spelte ei stor rolle i utviklinga av dei europeiske demokratia på 1700- og 1800-talet. I ånd stilte pressa seg kritisk til statsmakta og definerte si eiga rolle som talerøyr for enkeltmennesket – den vesle mannen i gata. Denne oppfatninga finn vi igjen i , som den norske pressa følgjer i dag.

Ein annan viktig liberalistisk idé var at media skulle vere økonomisk uavhengige. Vestlege medium opererer i dag som store kommersielle aktørar og tener mykje pengar. Enkelte hevdar at omsynet til inntening kan gå ut over rolla til media som kanalar for fri meiningsutveksling og informasjonsformidling.

Ulike modellar i vestlege demokrati

Mange har prøvd å klassifisere dei ulike medieideologiane. Den siste klassifiseringa som har fått gjennomslag i medievitskapen, kom i 2004 og blei utarbeidd av Daniel C. Hallin og Paolo Mancini. Dei tok utgangspunkt i 18 vestlege demokrati. Hallin og Mancini hevdar at medieinstitusjonane ikkje berre speglar samfunnet, men også sjølve er ein aktør som påverkar dei sosiale strukturane i samfunnet dei er ein del av.

  1. The Mediterranean / Polarized Pluralist Media Model finn vi i Hellas, Portugal og Spania. Desse landa har ei eliteorientert presse og ei sterk statsmakt.
  2. The Northern European / Democratic Corporatist Media Model finn vi i dei nordiske landa og Tyskland og Austerrike. Desse landa er prega av ein sterk stat og konsensus (einigheit) og nyttar marknadsjusterande tiltak som pressestøtte.
  3. The North Atlantic / Liberal Media Model finn vi i Storbritannia, USA, Canada og Irland. Karakteristisk for desse statane er ein gjennomgripande og omfattande pressefridom med ein sterk . Media er styrte av kommersielle krefter, og er profesjonalisert. I USA har utviklinga dei siste åra gått i retning av sterk politisk .
  4. The Eastern European / Post-Communist Media Model finn vi i landa i det tidlegare Aust-Europa. Medieideologien i Aust-Europa er framleis prega av arven frå Sovjetunionen (1922–1991). Aviser og tidsskrift har ei uavhengig rolle, mens radio og tv støttar opp om makthavarane. Utviklinga har likevel gått i retning av aukande sjølvsensur.

Rolla til media i Noreg

Det norske samfunnet byggjer på . Det betyr at tilbod og etterspurnad styrer mykje av økonomien i landet vårt, men også at vi har statleg eigarskap, og at styresmaktene grip inn med regulerande tiltak for å sikre ei jamn fordeling av goda i samfunnet.

I Noreg bestemmer staten kva kanalar som skal få til å sende radio og tv. Aviser får pressestøtte for å sikre eit mangfald av meiningar. Ut over dette er det media sjølve som definerer rolla si i samfunnet gjennom reglane i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Til fordjuping

Noreg har i fleire år blitt rangerte som best i verda når det gjeld pressefridom. Christophe Deloire er leiar av organisasjonen Reportere uten grenser (RSF). I videoen nedanfor frå 2020 reflekterer Deloire over kva som er grunnen til at Noreg er best på pressefridom. Han tek også føre seg trendar som kan truge den frie journalistikken i framtida.

Sjå video på Youtube om fem trender som truer journalistikken

Viktige omgrep

Kjelder

Folk og Forsvar (u.å.). Autoritært styre [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/autoritaert-styre/

Wikipedia (u.å.). Comparing Media Systems [Leksikonartikkel]. Henta 27. januar 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems#Dimensions:_political_context

Folk og Forsvar (u.å.). Totalitær stat [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://folkogforsvar.no/leksikon/totalitaer-stat/

Wikipedia (u.å.). Comparing Media Systems [Leksikonartikkel]. Henta 25. mai 2021 frå https://en.wikipedia.org/wiki/comparing_media_systems

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Internasjonal mediepolitikk