Fagstoff

Naturleg og kunstig seleksjon

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Evolusjon av kvinnen.

Genetisk variasjon og konkurranse om avgrensa ressursar er begge føresetnader for evolusjon. I tillegg må eigenskapar som påverkar individa si evne til overleving og formeiring, vere arvelege. Desse prinsippa gjeld anten det er naturen eller mennesket som selekterer, det vil seie avgjer kva individ som skal overleve.

 Portrett av Darwin som voksen.Evolusjonsteorien til Charles Darwin er bygd på mekanismen han kalla naturleg seleksjon.
Opphavsmann: Helix84
 
 

Vill kålVill kål er opphavet til fleire kålsortar (f.eks. blomkål, brokkoli og rosenkål) som er foredla fram ved kunstig seleksjon.
Fotograf: MPF

 

Naturleg seleksjon

Charles Darwin forklarte evolusjon og opphavet til nye artar gjennom ein mekanisme han kalla naturleg seleksjon. Berre dei individa som er best tilpassa miljøet, overlever og kan føre eigenskapane sine vidare ("survival of the fittest"). Genetisk variasjon er derfor ein svært viktig del av mangfaldet òg med tanke på moglegheita artane har for å tilpasse seg framtidige miljøendringar.

Det er viktig å hugse på at tilpassingar og fitness"Fitnessen" til eit individ beskriv det relative bidraget det gir til ein populasjon sitt genbasseng.Fitness er eit mål på reproduktiv suksess og speglar både overlevingsevne og formeiringsevne. Omgrepet beskriv evna individet har til å få avkom, sett i forhold til andre individ i populasjonen.Individ med høgast fitness er best tilpassa miljøet dei lever i, og lykkast i å føre fleire av gena sine vidare til neste generasjon, samanlikna med individ med låg fitness. Populasjonen som heilskap vil dermed bli betre tilpassa miljøet gjennom naturleg seleksjon.Fitness er eit relativt omgrep; individ sin fitness vil alltid gjelde eit bestemt miljø. Dermed kan eit individ sin fitness vere lågare eller høgare i ein annan populasjon og i eit anna miljø. alltid vil gjelde eit bestemt miljø. Dersom miljøet blir endra, blir òg spelereglane endra. I eit nytt miljø kan det vere andre eigenskapar enn tidlegare som gir best resultat i form av overleving og mengd avkom.

Kunstig seleksjon

Mennesket har òg brukt kunnskapen om gen og arv for å foredle fram gunstige eigenskapar i korn, husdyr, frukt og grønsaker.

Ulike sortar med gode eigenskapar blir foredla fram via det vi kallar kunstig seleksjon, altså ved at ein berre tek vare på individ med dei "riktige" eigenskapane. Sortar med god smak, lengre haldbarheit og betre motstandsdyktigheit mot frost eller sjukdom er på denne måten avla fram.