Fagstoff

Kva variasjon har å seie

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 17.09.2018
Solsikkeåker

Variasjon i populasjonar handlar ofte om genetisk variasjon sjølv om demografiske faktorar som alders- og kjønnsfordeling òg er viktige. Ein stor populasjon med mykje genetisk variasjon er best rusta til å tilpasse seg endringar i miljøet. For populasjonar som er spesialtilpassa eit stabilt miljø, kan derimot ny variasjon vere øydeleggjande.

 MoskusMoskusen på Dovrefjell har problem med innavl sidan populasjonen består av individ i nær slekt. 

En rosa og en hvit fjellplante på steinete grunn.Somme populasjonar av fjelltjøreblom og fjellarve kan vekse på mineralet serpentin og tole eit høgt innhald av tungmetall. Slike populasjonar er mest tente med innavl. Nye gen kan bryte opp tungmetalltoleransen og føre til utavlsdepresjon. 

Begrepsforklaring: reliktRelikt blir brukt om organismar som har overlevd i eit avgrensa område etter å ha blitt isolert i eldre tid. 

To jegere med ryper.Rypejakt. I dei fleste fjellområde er det innført dagskvotar med for eksempel to liryper per jeger for å sikre ein berekraftig rypebestand. 

Simuleringer og oppgaver.Simuleringar og oppgåver om alders- og kjønnssamansetnad i populasjonar.
Opphavsmann: YDP, Kristin Bøhle
 

Innavl og innavlsdepresjon

InnavlInnavl er utveksling av gen mellom individ i nær slekt.Innavl gir lite genetisk variasjon i populasjonen som dermed blir mindre tolerant for miljøendringar.Avkom får stor grad av like allel i eit genpar. Det medfører mellom anna at recessive sjukdomsgen oftare kjem til uttrykk, men det kan òg gjere ein populasjon spesielt godt tilpassa sitt miljø.Fullstendig innavl finst hos plantar som pollinerer og befruktar seg sjølv. gir liten genetisk variasjon innanfor ein populasjon, men større genetisk variasjon mellom populasjonar.

Innavlsdepresjon skjer når avkom gjennom innavl får dei same recessive sjukdomsgena frå begge foreldra. Innavlsdepresjon kan vere midlertidig dersom dei skadelege recessive gena blir reinska bort ved at svekte individ døyr ut. Høg grad av innavl og liten genetisk variasjon reduserer evna populasjonen har til å tilpasse seg endringar i miljøet.

Innavl i den skandinaviske ulvebestanden les meir

Ulvehode. Den norske ulvebestanden er avhengig av nye gen for å sikre overleving på sikt.Den skandinaviske ulvebestanden blei utrydda rundt 1970, og den vesle populasjonen vi har i dag, er grunnlagd på nokre få individ som vandra inn austfrå for nokre tiår sidan. Ulven er ein trua og svært omdiskutert art i Noreg. Interessekonfliktar pregar debattane omkring forvaltning. Ulven er, uansett om ein er for eller imot, eit godt eksempel på at innavl og redusert genetisk variasjon kan føre til misdanningar og redusert overlevingsevne. For å sikre overleving av ulvebestanden på sikt er det heilt nødvendig å få inn "nytt blod". skjul

 

Utavl og utavlsdepresjon

Stor grad av kryssingar mellom individ i fjern slekt gir større grad av genetisk variasjon i ein populasjon. Hyppig flytting av individ mellom populasjonar jamnar òg ut forskjellar mellom ulike populasjonar og gir større grad av genetisk variasjon innanfor populasjonen.

To små laksefisker.Namsblanken er ein unik reliktlaks som blei stengd inne frå havet under siste istida. Populasjonen er tilpassa eit liv i rennande ferskvatn i øvre Namsen. Så lenge populasjonen er genetisk isolert, held han på spesialtilpassinga. Namsblanken er likevel sårbar for miljøendringar. Det er ikkje alltid gunstig med stadig ny variasjon. Dersom ein populasjon er godt tilpassa eit spesielt miljø, kan det vere ei ulempe med ny genetisk variasjon fordi gunstige genkombinasjonar som er utvikla over tid, kan brytast opp. Tilpassinga til det spesielle miljøet kan på den måten øydeleggjast, og levedyktigheita til individa blir redusert.

 

Forvaltningsbiologi

Elgku med kalv.Riktig forvaltning kan sikre ein berekraftig elgstamme.Kunnskap om korleis den genetiske variasjonen er fordelt, er viktig for forvaltning, anten arten skal takast vare på eller haldast i sjakk. Ved forvaltning av vilt, som elg, er det òg viktig å ha kunnskap om alders- og kjønnssamansetnad for å kunne rekne ut jaktkvotar. Kor mange kalvar og kor mange vaksne hann- og hodyr kan skytast for å sikre ein berekraftig elgbestand på sikt?

Ved bevaring av ein art kan ein stå overfor valet med å ta vare på mange små eller få store populasjonar. Valet blir styrt av korleis den genetiske variasjonen er fordelt innanfor og mellom populasjonar. Dersom mesteparten av variasjonen ligg mellom populasjonar, er det viktigast å ta vare på mange populasjonar. Dersom variasjonen hovudsakleg finst innanfor ein populasjon, er det viktigast å ta vare på store populasjonar.