Fagstoff

Fenotypisk plastisitet og epigenetikk

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Moder jord 2

"Fødd sånn eller blitt sånn?"

Kva er det som bestemmer korleis eit individ utviklar seg? Det er kjent at både arv og miljø påverkar oss, men det er mindre kjent korleis dette skjer. Rekkjefølgja av basar i DNA styrer (heldigvis) ikkje alt.

Blomstrende vannplante.Vassoleie utviklar ulike bladformer avhengig av om skotet er over eller under vatn. 
 

 

Epi betyr "ved sida av" eller "i tillegg til".

 


Kromosom med brytere.Gen kan slåast av og på. Miljø og livsstil kan påverke kva for nokre av gena våre som skal vere aktive.

Fenotypisk plastisitet

Det er nokså vanleg at organismar, spesielt plantar og insekt, kan endre fenotypeFenotypen er utsjånaden, eigenskapane eller åtferda til organismen, altså eigenskapar som kjem til syne.Fenotypen har bakgrunn i eit samvirke mellom gen og miljø. Alle levande organismar er påverka av arv og miljø. Dermed vil genetisk identiske organismar, som einegga tvillingar eller avleggarar frå same planta, ikkje nødvendigvis vere heilt like, fordi dei kan vere påverka av ulike miljøfaktorar. avhengig av miljøet. Dette blir kalla fenotypisk plastisitet og er variasjonen i fenotypar éin bestemt genotype kan gi under ulike miljøvilkår. Individ med fenotypisk plastisitet kan dermed tilpasse seg endringar i miljøet utan at genotypen blir endra. (Hos økotypar har individa ein genotype som er tilpassa eit bestemt miljøforhold.) Evna til fenotypisk plastisitet og sjølve variasjonsbreidda er avhengig av genetikken.

Fenomenet er spesielt tydeleg hos vassplantar med oppdelte undervassblad og heile flyteblad. Dette er tilpassingar til gassutveksling høvesvis under vatn og i luft.

Epigenetikk

Ei rekkje mekanismar medverkar til å skru gen på og av. Dette fagfeltet blir kalla epigenetikk og er eit heitt forskingstema.

Alle celler i kroppen vår inneheld den same genetiske koden. Epigenetiske endringar som styrer kva gen som skal vere aktive, er påverka av miljø og livsstil. Det som er nytt og oppsiktsvekkjande, er at slike epigenetiske endringar som er utløyste av utløysingsmekanismar i miljøet, faktisk kan gå i arv.

Portrett, tegnet. Dette gjer den tidlegare latterleggjorde evolusjonsteorien til Jean-Baptiste de Lamarck (1744–1829) meir aktuell enn nokosinne. Han meinte at erverva eigenskapar kunne gå i arv.

 

Relatert innhald

Fagstoff

Til inspirasjon