Fagstoff

Variasjon innanfor og mellom populasjonar

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 17.09.2018
Ørretpopulasjoner

Ein populasjon er ei gruppe individ av same arten som oppheld seg innanfor eit avgrensa område. Den genetiske variasjonen innanfor og mellom populasjonar er ein viktig del av det biologiske mangfaldet. Populasjonar varierer òg i storleik og alders- og kjønnssamansetning. Alle desse faktorane er viktige for framtidsutsiktene til populasjonen og arten.

FjellrypeFjellrypepopulasjonen i Verdalsfjella.

 

Fjellrev. Foto.Fjellrevpopulasjonen i Børgefjell. 

 

Forskjell mellom bestand og populasjonBestand og populasjon betyr omtrent det same. Bestand blir gjerne brukt om artar det blir hausta av innanfor jakt og fiske, landbruk eller skogbruk. 

 

Ulveflokk der alfahannen biter en yngre ulv.I ein ulveflokk er det normalt berre alfahannen som får føre gena sine vidare. Yngre hannar på vandring kan utfordre alfahannen og ta med seg nye gen inn i flokken.  

Definisjon og avgrensing

Det er ikkje alltid lett å avgrense ein populasjon. Mange artar kan flytte på seg, og storleiken på området avheng av kva art ein ser på, og i kva samanheng ein studerer populasjonen. Både elgpopulasjonen i Østerdalen og kakerlakkindivida bak eit kjøleskap i ein bygard i Oslo er eksempel på populasjonar.

Samspel innanfor og mellom populasjonar

To hjorter i kamp.Storleik og styrke er avgjerande i hjortekampen om å få ført gena sine vidare.Det finst mange former for samspel mellom individ av ein art. Graden av konkurranse og utveksling av gen er gjerne større innanfor ein populasjon enn mellom populasjonar.

Populasjonar varierer

Ingen populasjonar er heilt like. Individa varierer både innanfor og mellom populasjonar. Populasjonar kan ha ulik genetisk samansetning med mykje eller lite genetisk variasjon. Storleiken på populasjonar kan òg variere frå stad til stad. Somme populasjonar har overvekt av eldre individ, mens andre populasjonar har rik forynging, og enkelte populasjonar kan ha overvekt av det eine kjønnet.

 

Oppgåver
Relatert innhald

Aktuelt stoff