Hopp til innhald

Fagstoff

Eksterne rekrutteringsbyrå

Ei verksemd kan velje å overlate heile tilsetjingsprosessen til eit eksternt byrå – eit rekrutteringsselskap. Det kan vise seg å bli både tids- og kostnadssparande. I dei fleste tilfella aukar det også sannsynet for at rett person blir tilsett.
Rekrutteringsbyrå velger ut jobbsøkere. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst selskap som tilbyr seg å gjennomføre heile tilsetjingsprosessen. Vi kallar dei rekrutteringsselskap eller -byrå.

Rekruttering av leiarar på høgare nivå blir kalla for headhunting. Nokre selskap har spesialisert seg på slike oppdrag.

Andre leiger ut vikarar for kortare eller lengre tid. Desse blir tradisjonelt kalla for vikarbyrå.

Ein del større selskap i bransjen tilbyr begge delar: Dei leiger ut vikarar og tek seg av heile tilsetjingsprosessen. Dette er ikkje så unaturleg – eit vellykka vikariat endar ofte i ei fast stilling.

eksterne rekrutteringsbyrå, tegneserie
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling