Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale medium og nettrekruttering

Dei sosiale media og Internett får heile tida meir å seie i samband med rekruttering. Her ligg det store moglegheiter for både arbeidsgivarar og jobbsøkjarar. Men det er også store fallgruver.
Kompromitterende bilde fra en Facebook side
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av sosiale medium ved rekruttering

Facebook, Twitter og LinkedIn er eksempel på sosiale medium som blir aktivt brukt av både arbeidsgivarar og jobbsøkjarar. Stillingsannonsar blir lagde ut på nett og er tilgjengelege for svært mange. Det gjer det enkelt å leggje inn ein søknad på stillinga.

LinkedIn er eit profesjonelt nettverk. Her knyter brukarane til seg aktuelle fagpersonar innanfor sin eigen bransje eller sitt eige nettverk. Brukarane kan delta i diskusjonsgrupper, ha tilgang til ledige jobbar og marknadsføre seg sjølv. Det er også mogleg å skrive anbefalingar av kontaktpersonar i nettverket. Ei eiga e-post-løysing er også tilgjengeleg for bruk.

Nettrekruttering

Nettrekruttering er ei ny næring som har blomstra opp dei siste åra. StepStone, Jobline, Finn jobb, Jobb24.no og Stillinger.no er selskap som på ulike måtar nyttar Internett som medium for å hjelpe bedrifter med å nå dei kandidatane dei ønskjer kontakt med.

Gjennom massiv annonsering har nettrekrutteringsselskapa lykkast med å få samla svært store databasar over moglege kandidatar. I motsetning til til dømes annonsering gir dette kundane direkte tilgang til kandidatar innanfor ei bestemt målgruppe.

Ver forsiktig!

Moglegheitene til å marknadsføre seg sjølv er store på dei sosiale media på nettet. Men mange er ikkje klare over den negative marknadsføringa dei kan gi av seg sjølv på desse nettstadene. Bilete av deg sjølv i ruspåverka tilstand eller delvis avkledd gir ikkje ein framtidig arbeidsgivar det beste inntrykket. Tenk på framtida når du publiserer informasjon om deg sjølv på nettet!

Oppgåve

  • Finn minst fem døme på rekrutteringsselskap.
  • Kven av dei har du høyrt om før?
  • Kva selskap er etablert i ditt område?
  • Vel ut to selskap og finn ut meir om desse.
Sosiale medier, tegneserie
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling