Fagstoff

Kulturelle faktorar

Publisert: 08.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Frimerke

Kultur kan definerast som dei haldningane, verdiane og normene som er rådande hos ei gruppe menneske eller ein organisasjon, og som blir overførte frå éin generasjon til den neste. Men kultur kjem òg til uttrykk gjennom bygdeskikk, matvanar, klesdrakt og andre konkrete fenomen. Til dømes speglar bunaden både gamle husflidstradisjonar og tilhøyrsel til ein bestemt landsdel.

Bilete av ein person med ein berbar pc. Om pc-bruk er eit kulturelt fenomen? Sjølvsagt!

Kultur er felleseige

Omgrepet kultur omfattar den åndelege og materielle verksemda i eit samfunn som folkesetnaden ser på som felleseige. Kulturen er derfor med på å gjere menneska meir like, eller meir homogene som gruppe. Samtidig er kultur noko som må lærast. Når vi veks opp i eit samfunn, lærer vi som barn kva som er rett og gale, korleis vi gjer ting, og kva haldningar vi har til arbeid, natur, aktivitet, utvikling og individualisme, mellom anna.

Også skulen bidreg i den kulturelle læringsprosessen. På skulen tileignar vi oss den kunnskapen som blir sett på som viktig for å fungere i samfunnet. Du har til dømes vakse opp i eit relativt avansert teknologisk samfunn. Du veit kva ein pc er, korleis du skal bruke han, og korleis han kan lette kvardagen din. Nett no bruker du pc-en din til å lese om marknadsføring og leiing, og det er truleg heilt naturleg for deg. Når du bruker pc på skulen, blir kompetansen din innan dette viktige området betre. I tillegg får du og klassekameratane dine eit felles «språk» og omgrepsapparat.

Bilete av ei kvinne med flagg og bunad.Barnetog, korpsmusikk og festkledde barn og vaksne: Dette er den norske måten å feire nasjonaldagen på, ein tradisjon som dei fleste ser på som ein viktig del av den norske kulturen.

 

Bilete av unge menn på Turboneger-konsert under Øyafestivalen i Middelalderparken i Oslo 7. august 2008.Moderne musikkulturar eksisterer oftast på tvers av landegrenser.

Nasjonal kultur

Ofte, men ikkje alltid, er ein kultur definert gjennom landegrenser eller eit bestemt geografisk område. Til dømes kan vi ha den oppfatninga at fransk kultur dreier seg om god mat og vin, profilerte motehus og herlege lukter. Likevel finst det mange andre kulturar i Frankrike, kulturar som ein òg finn i andre land i Europa. Døme er musikkulturar, religiøse kulturar og folkesetnadskulturar.

 

Subkulturar

I kvar einaste litt større kultur finst det også nokre subkulturar. Dette er underkulturar, eller mindre grupper som har nokre særtrekk, men som òg høyrer til den overordna kulturen. På skulen du går på, finst det kanskje grupper som kler seg annleis, eller som er spesielt opptekne av ein bestemt type musikk. Dei har danna sin eigen subkultur, men dei er framleis ein del av skulekulturen.

I somme tilfelle kan subkulturane skilje seg tydeleg ut frå hovudkulturen gjennom både språk, klesdrakt, vanar og haldningar. I Sveits eksisterer til dømes både «den tyske kulturen», «den franske kulturen» og «den italienske kulturen». Alle sveitsarane har del i den sveitsiske kulturen, men (store) undergrupper har altså kvart sitt språk og sine kulturelle særmerkte trekk.

Kollasj som illustrerer sveitsisk kultur.

Bilete av eit stafettlag.Mange bedrifter prøver å skape ein god bedriftskultur ved å oppmuntre dei tilsette til felles idrettsaktivitetar.

 

Bilete av ein person som multitaskar.Førstemann på jobben om morgonen, sistemann heim om kvelden, og i tillegg multitaskande og supereffektiv i arbeidstida? Ikkje alle bedriftskulturar er sunne og tek omsyn til heile mennesket.

Bedriftskultur

Kulturomgrepet bruker vi òg i arbeidslivet. Ein bedriftskultur definerer kva verdiar som gjeld i bedrifta, kva som er verdsett, og kva ein absolutt ikkje gjer. Det er i hovudsak snakk om «uskrivne lover», men ein del reglar kan også vere skrivne ned i personalhandboka til bedrifta. I nokre bedrifter og bransjar er det gjævt å vere den siste som går heim frå jobben, og kanskje også den første som er på plass om morgonen. I andre bransjar gjeld det å skape resultat heile tida. I andre bedrifter igjen kan det vere ein viktig verdi å trene og drive fysisk aktivitet.

Mange bedrifter bruker ulike typar idretts- og mosjonsaktivitetar for å styrkje samhaldet mellom dei tilsette: Dei melder dei tilsette på til konkurransar som sykkel- og skibirken, eller dei tek med heile bedrifta på toppen av Galdhøpiggen. Stafettar der kvar tilsett kan springe ein etappe for bedrifta, er òg populært.

Ein bedriftskultur kan vere meir eller mindre sterk, og det er viktig for den tilsette at han eller ho kjenner seg vel med han. Det kan til dømes vere vanskeleg å vere førstemann som kjem på jobben, og sistemann som går heim, viss ein har små barn og må hente i barnehagen. Kulturar kan på denne måten skape konfliktar og dårleg samvit og verke ekskluderande.

Kultur og kjøpsåtferd

Korleis kan kulturen eller kulturar vi er ein del av, påverke kjøpsåtferda vår? Dette er vi kanskje ikkje merksame på i det daglege, men nokre døme kan gi oss ein peikepinn: I nokre kulturar et ein ikkje svinekjøt, i andre er det forbod mot å ete storfe. Derfor oppstår det heller ikkje nokon marknad for denne typen kjøt. I nokon land blir det sett på som viktig å eige hus sjølv, medan det i andre land er heilt vanleg at fleirtalet leiger bustad. Bustadmarknaden i ulike land vil derfor vere nokså ulikt. I mange land er det vanleg å ete ute nokså ofte og leve livet i større grad i det offentlege rom. Her vil vi også finne eit heilt anna tilbod på kafear, restaurantar og andre offentlege møtestader enn i land der folk bruker mykje meir av tida si i heimen. Når ein samanliknar kulturar, er det lett å få auge på samband mellom kultur og kjøpsåtferd.