Hopp til innhald

Fagstoff

Oppfølging av kvalitetskrav i transport- og logistikkbransjen

Kundar etterspør ein del eigenskapar når dei kjøper transport- og logistikktenester. Som medarbeidar i ei transport- eller logistikkbedrift er det oppgåva di å utføre oppdraga slik at kundebehova blir tilfredsstilte, i alle dei situasjonane der du kan bidra til det.
Foto av ei dame som tek imot pakke frå transportør.

Oppfølging for bussjåførar

  • Bussjåførar må først og fremst følge tidstabellen. Passasjerar kan godta forseinkingar på grunn av mykje trafikk, men ikkje at sjåføren køyrer før rutetida.

  • Det er òg viktig at bussjåførar les dei ulike kundebehova og følger dei opp så godt det let seg gjere. Eldre passasjerar kan ha behov for å setje seg før bussen køyrer, svaksynte kan trenge hjelp for å finne fram til sitjeplassen, mens turistar må kanskje ha hjelp for å finne fram til rett haldeplass.

Oppfølging for godssjåførar

  • Godssjåførar har ingen tidstabell dei skal følge, men fastsette avgangs- og innkomsttider for kvar tur. Desse tidene må sjåføren overhalde.

  • I tillegg må alt gods lastast og lossast skånsamt, og godset må sikrast under transport for å førebygge skadar.

  • Det er òg viktig at godssjåførar held kontakten med oppdragsgivarane sine dersom avvik oppstår på grunn av stengde vegar og redusert framkomme på vegnettet. I slike situasjonar er det viktig å kommunisere og varsle kundar om forseinkingane.

Oppfølging for logistikkoperatørar

  • Logistikkoperatørar må sikre at dei plukkar riktig ordre, og dei må emballere vara slik at dei førebygger transportskade.

  • Fraktbrev skal fyllast ut med rett mottakaradresse, slik at vara kjem fram til avtalt tid og stad.

  • Logistikkoperatørar må òg overføre sporingsinformasjon om vara til kunden eller avtale med godstransportøren at han skal sørge for det.

  • Ved nettsal må dei òg legge ved eit opplysningsskjema om angrerett saman med ein pakksetel som viser kva kvar sending inneheld.

  • I tillegg må logistikkoperatørar følge opp retur frå kundar som har nytta seg av angreretten.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Kvalitetskrav