Hopp til innhald

Fagstoff

Universell utforming av IT

Universell utforming av IT handlar om å utforme IT-løysingar slik at dei kan brukast av alle, uavhengig av funksjonsnivå.
Eldre kvinne sitter ved datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Universell utforming betyr at noko skal kunne brukast av alle, også av dei som har ei funksjonshemming, som til dømes bevegelseshemming, dårleg syn eller dårleg hørsel.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har utarbeidde i 2013 ei forskrift med krav til universell utforming av IT-løysingar. I første omgang skulle reglane om universell utforming gjelde for nettløysingar og automatar, slik at alle skulle kunne bruke dei. Det kan til dømes vere billettautomatar, minibankar, netthandelssider, nettsider med informasjon til ålmenta og liknande.

Kvinne med hodesett foran datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I praksis betyr reglane at nettstader som fell inn under forskrifta, til dømes må ha funksjonar som gjer at tekst kan lesast med talesyntese. Talesyntese betyr at ein kan be datamaskina om å lese teksten på skjermen høgt.

Reglane skal ikkje gjelde for sosiale medium som bloggar, Facebook, Twitter og andre tenester som blir brukte i privat samanheng.

Meir om universell utforming av IT frå Digitaliseringsdirektoratet, difi.no

Universell utforming av IT-løysingar betyr at dei skal kunne brukast av alle – uavhengig av funksjonsnivå.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen og Jan Frode Lindsø. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Regelverk