Hopp til innhald

Fagstoff

HMS i fagbrevutdanninga og yrkessjåførutdanninga

Alle som utdannar seg til yrkessjåførar, må gå gjennom to obligatoriske utdanningar: føraropplæring og yrkessjåførutdanning. I tillegg kan dei vidareutdanne seg og ta fagbrev. Både yrkessjåførutdanninga og fagbrevutdanninga inneheld krav om HMS-kunnskapar.
Biletet viser ein yrkessjåfør bak rattet på ein lastebil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her skal vi vise samanhengen mellom føraropplæringa, yrkessjåførutdanninga og fagbrevutdanninga.

Føraropplæring og yrkessjåførutdanning

Figuren nedanfor viser korleis føraropplæringa gir deg trafikal kompetanse, og korleis yrkessjåførutdanninga gir deg yrkessjåførkompetanse (YSK). Til saman gir dette yrkesfagleg kompetanse.

Oversikt av at føraropplæringa og yrkessjåføropplæringa gir yrkesfagleg kompetanse. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føraropplæringa er styrt av læreplanar med fastsette læremål. Statens vegvesen har samla læreplanane i handbøker som er nummererte slik:

  • handbok V854: læreplan klassane C1 og C1E
  • handbok V855: læreplan klassane D1 og D1E
  • handbok V856: læreplan klassane C og CE
  • handbok V857: læreplan klassane D og DE

Det same gjeld yrkessjåførutdanninga. Læreplanen for yrkessjåførutdanninga er handbok V859. Når du har fullført føraropplæringa for tunge køyretøy, oppnår du sertifikat for den eller dei køyretøyklassane du har utdanna deg for.

Når du har fullført yrkessjåførutdanninga, oppnår du yrkessjåførbevis. I praksis blir gyldig yrkessjåførkompetanse påført førarkortet ditt. Den blir då oppgitt som kode 95 og vil stå bak dei førarkortklassane som du har gyldig yrkessjåførkompetanse på. Det er dermed ikkje lenger eit eige kompetansebevis for yrkessjåførkompetanse.

Grunnutdanninga til yrkessjåførutdanninga består av 280 timar for fullstendig grunnutdanning og 140 timar såkalla komprimert utdanning. Det er både teoretisk og praktisk opplæring. Utdanninga består av fem modular som skal gjennomførast i stigande rekkjefølgje. Etter at du har gjennomført grunnutdanning, skal du avleggje og bestå ei teoretisk prøve hos Statens vegvesen for å få påført kode 95 på førarkortet, altså bevis for bestått yrkessjåførkompetanse.

Yrkessjåførkompetansen (YSK) varer i fem år av gongen. Etter fem år må du ta eit etterutdanningskurs (35 timar) for å forlengje kompetansen og dermed retten din til å arbeide som yrkessjåfør mot vederlag.

På nettsida til Statens vegvesen kan du sjå meir informasjon om utdanninga og kva grunnutdanning du treng. Og i læreplanen for yrkessjåførutdanninga kan du mellom anna sjå kva dei fem modulane inneheld:

Statens vegvesen: Yrkessjåførkompetanse

Statens vegvesen: Læreplan yrkessjåførutdanning (PDF)

I modul 1 møter elevane tema om mellom anna HMS-kunnskapar som ein del av den obligatoriske yrkessjåførutdanninga.

Fagbrevopplæringa

HMS-kunnskapar er òg ein del av fagopplæringa.

Læreplanen for fagbrevutdanninga (vg2 transport og logistikk) inneheld læremål som overlappar med det du lærer i yrkessjåførutdanninga.

Yrkessjåførelevar lærer derfor om HMS og internkontroll både gjennom yrkessjåførutdanninga og gjennom fagbrevutdanninga, mens logistikkelevar berre lærer om HMS og internkontroll gjennom fagbrevutdanninga.

Det er medvite frå styresmaktenes side at du møter eit tema fleire gonger under utdanninga. Det hjelper deg til å omarbeide lærestoffet frå ulike vinklar. I tillegg får du repetert lærestoffet slik at det sit.

Lenkjer

Statens vegvesen: Læreplan førarkortklasse C1 og C1E (PDF)

Statens vegvesen: Læreplan førarkortklasse D1 og D1E (PDF)

Statens vegvesen: Læreplan førarkortklasse C og CE (PDF)

Statens vegvesen: Læreplan klassane D og DE (PDF)

Statens vegvesen: Læreplan yrkessjåførutdanning (PDF)

Relatert innhald

Yrkessjåførforskrifta regulerer føresegnene om å få eller behalde retten til å føre motorvogn i tunge klassar mot vederlag.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.02.2022

Læringsressursar

Lover og reglar