Hopp til innhald

Fagstoff

Lastberar

Ein føresetnad for at lasta skal kunne sikrast, er at lastberaren har sikringsfeste. No skal vi sjå litt nærmare på lastberaren.
Sikringsfeste i lastberar. Foto.

Ein lastberar er eit lasteplan, eit flak eller ein konteinar. Når du skal sikre gods, er det ikkje nok at du bruker band og kjettingar som er sterke nok. Du må òg vere sikker på at punktet der sikringsutstyret blir festa i lastberaren, er sterkt nok. Hugs regelen: Inga kjede er sterkare enn det svakaste leddet.

På ein vanleg lastebil med tillaten totalvekt over 7 000 kg vil eit sikringsfeste normalt tole 2 000 kg. Tenk over dette når du plasserer sikringane som skal brukast. Krava til ein lastberar er litt uklare, sidan regelverket er flytta frå forskrift om krav til køyretøy og over i forskrift om bruk av køyretøy. Fleire endringar er venta i samband med at regelverket skal tilpassast EU-standardane.

Friksjonen mellom golvet i lastberaren og godset er med på å sikre lasta. I teorien er det slik at dersom friksjonskoeffisienten er over 0,5, vil lasta vere godt nok sikra både sidevegs og bakover.

Støttestenger er stenger som blir sette mellom golv og tak eller tvers over, frå side til side. Slike støttestenger er berre berekna som støtte og vil ikkje kunne halde dei kreftene som kan oppstå framover.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Lastsikring