Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for lastsikring på tog, båt og fly

Hovudregelen for all lastsikring er at lasta skal sitje fast. Vi skal no sjå på reglane for forsvarleg sikring av last på tog, båt og fly.
Godstog med tømmer som har spora av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Eit lasteskip med konteinarar rullar på bølgene. Foto.
Ein stuar sikrar gods i lasterommet på eit fly. Foto.


Bakgrunn

Regelverket for sikring av last er forankra i dei fysiske lovene og ein hypotese om kor store krefter som kan oppstå og verke på transportmiddelet.

Tog

Tenk deg gods på ei jernbanevogn som treffer ei anna vogn. Fartsendringa blir veldig stor på kort tid, og kreftene som skal halde igjen godset, blir enormt store.

Båt

Eit skip i høge bølger vil rulle eller stampe – det rullar sidevegs og stampar når det går mot bølgene. Desse kreftene er sterke og verkar også inn på lasta. På sjø kan krava til sikring vere ulike alt etter kva fartsområde lasta skal transporterast i. Til dømes kan Nordsjøen, Austersjøen og Atlanterhavet ha ulike reglar og krav. Skal transporten gå gjennom fleire fartsområde, må ein sikre etter dei strengaste krava.

Fly

I Noreg blir lasta i fly sikra etter føresegnene som er gitt i forskrift om transport av gods i luftfartøy og regelverk for norsk sivil luftfart, sjå lenkesamlinga under. Lasta ligg ofte i igloar, som er små konteinarar som er tilpassa flytypen, og igloane blir så låste fast i flyet.

Lenker

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Lastsikring