Hopp til innhald

Fagstoff

Krefter

Skal du greie å sikre last på ein god måte, må du kjenne til kreftene som oppstår. Sikringskreftene skal sørge for å stanse den uønskte rørsla som godset får.
Lastebil med open dør. På innsida er det velta kassar med agurk, og det ligg agurk strødd i vegbanen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Newtons første lov

Du har sikkert prøvd å ta fart og skli bortover isen. Når du har komme opp i fart, vil rørsla halde fram – både farten og retninga – dersom det ikkje er nokon friksjon. Det er dette Isaac Newton formulerte i si første lov:

Ein lekam (gjenstand) som er i rørsle, vil halde rørsla ved lag, både farten og retninga, dersom det ikkje verkar krefter på han.

Men det er ei kraft som verkar: friksjonen mellom skosolane dine og isen. Denne krafta verkar mot rørsla, og ho vil til slutt stoppe deg.

Newtons andre lov

Når eit tog eller ein bil bremsar, vil godset prøve å halde rørsla si framover ved lag dersom det ikkje er noko som held att. Det skal ei kraft til for å halde det att, og i fysikken gir vi gjerne denne krafta nemninga F (av engelsk force). Denne krafta er avhengig av massen, m, på godset og akselerasjonen, a, som oppstår. Akselerasjonen er fartsendring per tidseining. Når køyretøyet får større fart, er akselerasjonen positiv, og når køyretøyet bremsar, er akselerasjonen negativ – også kalla retardasjon. Denne samanhengen kan vi uttrykke slik:

F=m·a

Dette er Newtons andre lov. Formelen fortel oss at det skal større krefter til for å hindre tungt gods å gli enn gods som er lettare. Det stemmer altså ikkje at tungt gods står betre enn lett gods.

Tyngdepunktet

Tyngdepunktet til godset kan vi seie er det punktet der vi kan tenke oss at all massen er samla.

Skisse av last i kassen på lastebil. Ei raud pil peikar frå lasta ned mot bakken. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein firkanta kasse som er fylt med sand og har sider som er like lange, har tyngdepunktet plassert midt i kassen.

Eit kolli kan ha tyngdepunktet lågt, høgt eller ut mot eine sida. Er tyngdepunktet plassert lågt, er stabiliteten betre enn når tyngdepunktet er plassert høgt. Når tyngdepunktet er forskyvd, vil kolliet ofte vere merkt med tyngdepunktsymbolet der tyngdepunktet er.

Det er viktig at sikringskrafta blir plassert over tyngdepunktet for at kolliet skal stå stabilt.

Firkanta kasse markert med mål og tyngdepunkt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Isaac Newton. (2022, 18. oktober). I Wikipedia. Henta 9. mars 2023 frå https://nn.wikipedia.org/wiki/Isaac_Newton

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.03.2023

Læringsressursar

Sikring av last