Fagstoff

Strukturen på vegnettet i dag

Publisert: 23.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Havnelageret i Oslo

Her lærer du korleis ansvaret for utbygginga av vegnettet er fordelt mellom staten, fylkeskommunane og kommunane. Du lærer også korleis strukturen i vegnettet er bygd opp på kommunalt nivå. Same struktur finn du att på fylkeskommunalt og statleg nivå.

Nav-eikestrukturNav-eikestruktur.
Opphavsmann: Gunnar Ottesen
 

Utvikling i offentlige vegerUtviklinga av offentlege vegar.
Opphavsmann: Statistisk Sentralbyrå
  

Transportsystemet på veg er delt inn i

• kommunale vegar
• fylkesvegar (ofte vegar som knyter kommunar saman)
• statlege vegar (riksvegar og europavegar) som knyter fylke og  landsdelar saman

Vi seier ofte at vegnettet har ein hierarkisk struktur, der det høgaste nivået er europavegar og det lågaste er kommunale vegar.

Tidlegare hadde det kommunale vegnettet i byane ein tydeleg nav-eikestruktur. Vegane var «eiker» mellom bustadområda og sentrum (navet), der dei fleste arbeidsplassane låg. Etter kvart som nye bustadområde og handelssenter er bygde ut, fungerer dei kommunale vegnetta i dag meir som lokale nettverk, der vi kan nå reisemåla våre langs alternative ruter.

Det samla vegnettet er bygd ut over lang tid, i takt med at talet på bilar har auka. Figuren  viser korleis lengda på vegnettet har utvikla seg over tid. Totalt har vi i dag i overkant av
90 000 kilometer veg i Noreg.

Oppgåve:

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Vegtypar
Leverandør: Amendor AS