Fagstoff

Generalistar og spesialistar

Publisert: 05.07.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Rødrev spiser fugleunge.

Det er stor variasjon i kva krav artar har til miljøet. Somme artar finst i ei rekkje ulike miljø, mens andre har svært spesifikke krav. Vi snakkar om høvesvis generalistar og spesialistar. Dei aller fleste artar er ein mellomting mellom ein ekstrem generalist og ein ekstrem spesialist.

Geitrams i åkerkanten.Geitrams er ein generalist fordi han finst i fleire ulike miljø.
Fotograf: Tore Wuttudal
 

HavfruegrasMjukt havfruegras er ein plante med snevre miljøkrav. Han veks berre i næringsrike ferskvatn nært havet.
Fotograf: Bjørn Rørslett
 

KoalaKoalaen er ein spesialist som hovudsakleg lever av eukalyptusblad. Øydelegging av eukalyptusskogane aust i Australia truar derfor koalaen.
Fotograf: David Iliff

Generalistar

Somme artar trivst bra under mange vilkår og kan bruke mange ulike ressursar. Desse artane er ikkje så nøye på det. Dei finst i ei rekkje forskjellige habitat og har vide økologiske nisjar. Slike artar kallar vi generalistar og er gjerne vidt utbreidde, vanlege artar. Ein generalist er ikkje så sårbar for endringar i miljøet sidan han kan klare seg under ulike miljøforhold.

Geitrams er ein generalist; han veks i ur så vel som i vegkantar og på hogst- og brannflater og er vanleg over heile landet. Han kan òg vekse nokså høgt: over 1500 moh. Når det gjeld dyr, er det ofte dietten som er avgjerande; ein generalist har typisk ein variert diett. Raudreven er ein generalist. Han et både insekt og mindre pattedyr i tillegg til døde dyr og til og med bær og avfall.

Tre planter i montasje.Kalktelg er ein kalkelskande (kalsifil) plante, mens dei fleste rododendronartar er kalkskyande (kalsifobe) plantar. Desse er spesialistar når det gjeld kalkinnhaldet i jorda. Greplyng i midten er likegyldig når det gjeld kva kalkinnhald jorda har, og kan sjåast på som ein generalist. 

Spesialistar

Andre artar har svært bestemte krav til miljøet og blir dermed meir avgrensa i utbreiinga si. Slike artar kallar vi spesialistar, og dei har smale økologiske nisjar. Spesialistar er særleg sårbare for endringar i miljøet, men dei er samtidig svært konkurransedyktige i det miljøet dei er tilpassa.

Dyr som berre et éin type mat, er spesialistar. Plantar som berre veks på kalkhaldig jord, eller som berre kan pollinerast av eitt bestemt insekt, er eksempel på spesialistar. Møkkmosar og lemenmosar er òg spesialistar; dei har spesialisert seg på å leve på avføring frå ulike planteetarar (ofte elg) og dyrekadaver (ofte lemen).

Stort, gammelt tre.  
Trur du at det berre er ein myte at ein kan finne skattar i gamle, hole eiker?