Aktualitet

Den norske svartelista 2012

Publisert: 15.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017

BrunskogsneglUØNSKT ART: Brunskogsniglen kom til Noreg i 1988, truleg som blindpassasjer ved import av frukt og grønt. Han har fått tilnamnet mordarsnigel fordi han ser ut til å like åtsel like godt som plantar.

KongekrabbeSTØVSYG HAVBOTNEN: Kongekrabba har same effekten på livet på havbotnen som forureining og overgjødsling. Somme stader har dei glupske krabbene ete opp ni av ti botndyr.   

 

LupinHAGEPLANTE PÅ RØMMEN: I fleire år planta Statens vegvesen lupinar i store mengder langs vegane. Dei fargerike lupinane lyser opp under køyreturen, men tar pusten frå både blåklokker og prestekragar.   

 

HarlekinmarihøneASIATISK BLINDPASSASJER: Harlekinmarihøna er i ferd med å etablere seg fleire stader. Erfaringane frå andre land er at ho spreier seg svært raskt og kan gjere stor økologisk og økonomisk skade.  

 

Kongler på sitkagranOMSTRIDD TRESLAG: Sitkagrana er det mest utbreidde av dei framande treslaga i Norge. Grana trivst godt i kystklima og spreier seg lett. Dei tette bestandane slepper lite lys ned til bakken og får lett overtaket på andre artar.    

Ei tvilsam ære

Kva har sitkagrana, brunskogsnigelen og harlekinmarihøna til felles? Saman med 214 andre artar har dei den tvilsame æra av å stå på svartelista over framande artar.

På svartelista står også gamle kjenningar som mink og mårhund, platanlønn og lupin, kongekrabbe og stillehavsøsters. Dei invaderande artane kan fortrengje andre artar og er dermed ein trussel mot det biologiske mangfaldet.

Artsdatabanken presenterte i sommar rapporten «Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012». Der har Artsdatabanken vurdert over 1.300 framandartar, både ut frå evna deira til å spreie seg og effektane dei kan ha på stadeigne artar.

Blant dei vurderte er òg fleire såkalla dørstokkartar, artar som er registrerte i nabolanda. Ein del av dei kan også spreie seg til Noreg og gjere skade på naturen her.

Høg risiko = svarteliste

Dei framande artane er plasserte i fem ulike kategoriar ut frå den økologiske risikoen. Berre dei 217 artane i kategoriane høg eller svært høg risiko kjem på svartelista.

Men svartelistinga betyr ikkje automatisk at alle dei 217 artane er uønskte i Noreg. Artsdatabanken har som oppgåve å hente fram kunnskapsgrunnlaget. Politikarane og forvaltninga må i sin tur ta stilling til om artane er ønskte eller uønskte og eventuelt setje i verk tiltak, poengterer direktøren i Artsdatabanken, Ivar Myklebust.

Klimaendringar og eit varmare og våtare klima kan gjere det mykje lettare for framandartar å innvandre og etablere seg i Noreg, skriv Artsdatabanken i rapporten.

Aggressiv marihøne

Harlekinmarihøna blir ofte nemnt som døme på ein framand art som fortrengjer artar som held til ein stad frå før. Marihøna kjem opphavleg frå Asia, men i fleire land har jordbruksnæringa sett ho ut for å ta knekken på planteskadedyr.

Sidan 2001 har ho spreidd seg raskt i Europa og vart først påvist i Noreg i 2006. Ho har i alle fall etablert seg med egg, larvar og pupper i Oslo og Tvedestrand.

Innvandringa av harlekinmarihøna kan ha store økologiske konsekvensar, ifølgje rapporten. Ho et larvane til andre marihøneartar og tar for seg av egga og larvane til andre insektslag. Slik kan ho vere ein trussel for dei stadeigne insektartane.

Den omstridde sitkagrana

Svartelistinga av sitkagrana kan nok møte større motstand, særleg frå skogbrukshald. Dette treslaget kjem opphavleg frå vestkysten av Nord-Amerika, og har vorte planta ut langs kysten i Noreg sidan 1950-åra.

Sitkagrana er svartelista først og fremst fordi ho er i stand til å spreie seg inn i kystlynghei, som er ein trua naturtype.

Samtidig taler mange skogbruksfolk varmt for sitkagrana. Ho er hardfør, veks fort og toler det norske kystklimaet. Nyplanting av sitkagran kan derfor vere eit effektivt klimatiltak, meiner organisasjonen Kystskogbruket.

 Faktum om framande artar

  • Artsdatabanken har i publikasjonen «Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012» risikovurdert 1.314 framande artar. Snautt 50 ekspertar har vurdert kor stor økologisk risiko artane utgjer i norsk natur.
  • 217 av artane kjem på svartelista fordi dei er plasserte i kategoriane høg eller svært høg økologisk risiko.
  • Framandartar er artar som menneske har spreidd til område der dei ikkje høyrer heime.

  • Framandartar kan fortrengje heimlege artar og dermed true det biologiske mangfaldet.

  • Skadeverknadene av framandartane kjem ofte for ein dag først når spreiinga har komme langt i naturen. Da kan det vere svært kostbart eller heilt uråd å reversere prosessen.

  • Artsdatabanken i Trondheim vart etablert i 2005 som ein nasjonal kunnskapsbank for artar og naturtypar i Noreg og er lagt under Kunnskapsdepartementet.
(Kjelde: Artsdatabanken)


.