Fagstoff

Konkurranse og nisjefordeling

Publisert: 05.07.2012, Oppdatert: 04.08.2017
Tiur og røy på spillplass.

Det er avgrensa mengder ressursar i naturen. Det er derfor konkurranse om både vatn, lys og næring. Det kan òg vere konkurranse om plass eller partnar. Konkurranse kan skje både innanfor ein art og mellom artar og blir kalla høvesvis intra- og interspesifikk konkurranse.

Hjorter i kampTo hannhjortar i kamp om ressursar. 

Påfugl i full prakt.Fargeprakta til påfuglen er eit resultat av seksuell seleksjon.  

Kolibri som drikk nektar.Ulike kolibriartar kan leve i same området ved at dei drikk nektar frå ulike blomar. 

Illustrasjon av nisjar.Interspesifikk konkurranse gjer at kvar art får avgrensa tilgangen sin til ressursar i området.

Intraspesifikk konkurranse

Konkurranse mellom individ av same arten kan vere om både plass og næring. Denne konkurransen er viktig for naturleg seleksjon. Den genetiske variasjonen i ein populasjon gir individa litt ulike eigenskapar som påverkar evna deira til å overleve og reprodusere. Dei som er best tilpassa, har størst sjanse for overleving og formeiring.

Dyr konkurrerer òg om partnarar. Dette kan føre til evolusjon av karaktertrekk med mål om å gjere inntrykk på ein partnar. Dette kallar vi seksuell seleksjon. Kjende eksempel er dei flotte og fargerike fjøra hos påfugl og dei store gevira hos enkelte hjortedyr.

Interspesifikk konkurranse

Interspesifikk konkurranse skjer når ulike artar i same området utnyttar dei same ressursane. Dersom ingen av artane "jenkar seg", vil ei slik nisjeoverlapping kunne føre til at den eine arten utkonkurrerer den andre. Dette kallar vi Gauses konkurranseprinsipp.

Eit anna mogleg utfall er at dei to konkurrerande artane kan fordele ressursane på ein slik måte at dei kan leve saman. Det har vist seg at ei slik nisjeoverlapping kan sørgje for at artane over tid utviklar seg i litt forskjellig retning slik at dei kan utnytte litt ulike delar av nisjen som i utgangspunktet var felles.

Fundamental og realisert nisje

Ein konkurransesituasjon som beskrive i førre avsnittet kan altså føre til at artane berre kan utnytte ein del av dei moglege ressursane. Vi skil derfor mellom fundamental og realisert nisje.

Den fundamentale nisjen er den nisjen arten kan utnytte dersom han får vere heilt i fred og slepp å konkurrere med andre om næring, lys og andre nødvendige ressursar. Den realiserte nisjen er den delen av den fundamentale nisjen som arten endar opp med å utnytte når han må konkurrere med andre artar om dei same ressursane. Den realiserte nisjen er alltid smalare enn den fundamentale nisjen.