Fagstoff

For å handle riktig i situasjonar må du vere førebudd

Publisert: 24.08.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Rettferdighetsstatue

Gode kunnskapar om kva kundane, bedrifta og samfunnet krev av deg, er nødvendig for at du skal handle riktig i ulike situasjonar du kan møte i yrket ditt.

 Plikta til å hjelpe ved trafikkulykker er lovregulert.
Fotograf: Jan Petter Lynau
 

Alle som driv næringsverksemd, veit kor viktig det er at dei tilsette opptrer i tråd med forventingar frå kundane og krav frå samfunnet. Bedriftene søkjer derfor å lære opp medarbeidarane sine til å opptre innanfor ramma av reglane for rett og gale og reglane for god skikk og bruk. 

For å kunne opptre i tråd med samfunnsnormer i ulike situasjonar må vi på førehand tenkje gjennom kva som blir forventa av oss. Det er berre på den måten vi kan opparbeide oss beredskap til å handle riktig når ein situasjon først skjer. Dersom du til dømes kjem først til ein ulykkesstad, blir det forventa at du straks startar livbergande førstehjelp, varslar nødetatane og sikrar skadestaden. Denne regelen er så viktig at han er lovfesta. For å kunne opptre i samsvar med regelen, må du på førehand ha tenkt gjennom kva du skal gjere. Du må ha handlingsberedskap.

Handlingsberedskap:

evne til å opptre i samsvar med gjeldande samfunnsnormer i ulike situasjonar