Fagstoff

Lineære funksjonar

Publisert: 27.06.2012, Oppdatert: 20.04.2017

 

Lineær tyder rettlinja.

Grafen av funksjonen S gitt ved Sx=160t, vart ei rett linje. Slike funksjonar kallar vi lineære funksjonar.

Lineære funksjonar har også det til felles at funksjonsverdien kan skrivast som eit konstant tal multiplisert med ein variabel pluss eit konstant tal.

Ein lineær funksjon er ein funksjon som kan skrivast på forma

 

fx=ax+b       der a og b er konstante tal.

Generelt kan vi skrive likninga for ei rett linje som

 

y=ax+b

 

 

Relatert innhald