Fagstoff

Habitat og nisje

Publisert: 27.06.2012, Oppdatert: 03.08.2017
Møkkfluer på sauelort

Ulike artar har ulike krav til veksestad eller leveområde, og dei utnyttar ressursane i miljøet på ein bestemt måte. Omgrepa habitat og nisje heng nært saman, men betyr ikkje det same. Habitatet fortel kvar arten lever, mens nisjen beskriv korleis arten lever.

En kurve som viser at aktiviteten er på topp ved optimumstemperaturen.Temperatur som éin av faktorane i nisjen til ein art.

Eit habitat kan vi samanlikne med "adressa" til arten, mens nisjen kan sjåast på som "jobben" til arten. 

Amfibienes formeringssyklus.Habitatet og nisjen til ein art kan endre seg gjennom livsløpet. Eit rumpetroll og ein vaksen frosk lever ulike stader og utnyttar dermed òg ulike ressursar.

Habitat

Eit habitatHabitatet til ein art er den konkrete staden der han lever ("adressa" til arten). Habitatet til ein art er det naturmiljøet der han er best tilpassa, og kan vere ein granskog, ein dam, ei elv eller ei kuruke. er det same som veksestaden eller leveområdet til ein art. Storleiken og avgrensinga av habitatet avheng av kva organisme vi snakkar om. Eit habitat kan vere ein granskog, ei næringsfattig myr, eller det kan vere høgfjellet. Eit habitat kan òg vere eit svært lite område som avføring frå ein planteetar eller ei gammal frukt, som er habitat for høvesvis møkkmosar og muggsopp.

Bilder av skog, konglefrø, granmeis og insekter.Eksempel på habitat og nisje for granmeis.   

Nisje

Fleire artar kan leve på same staden, men dei kan utnytte ressursane der på forskjellige vis. Korleis ein art lever og bruker ressursar, kallar vi nisjenNisjen til ein art er abstrakt og beskriv korleis han utnyttar ressursane ("rollen"/"jobben" til arten). Nisjen til ein art er bestemt av summen av miljøforhold (både abiotiske og biotiske) som er nødvendige for at arten skal overleve og formeire seg.Gauses konkurranseprinsipp seier at to artar med fullstendig overlappande nisjar ikkje kan sameksistere. til arten. Ein nisje er summen av dei miljøforholda ein art treng for å kunne overleve og formeire seg.

 

Oppgåver
Relatert innhald