Hopp til innhald

Fagstoff

Firkantar

Kva for ulike typar firkantar har vi?

Nedanfor ser du nokre firkantar som vi ofte støyter på.

I eit trapes er minst to sider parallelle.

I eit parallellogram er motståande sider parallelle.

I eit rektangel er alle fire vinklane rette.

I ein rombe er alle sidene like lange.

Eit kvadrat er ein regulær firkant. Alle vinklane er rette, og alle sidene er like lange.

Legg merke til at eit kvadrat også er ein rombe, eit rektangel, eit parallellogram og eit trapes! Kva slags andre namn kan du sette på eit rektangel?

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 10.09.2018

Læringsressursar

Mangekantar og sirklar