Fagstoff

Variasjon i økosystem, habitat og nisjar

Publisert: 27.06.2012, Oppdatert: 02.08.2017
Blåveis

Du veit kanskje kvar i naturen du må gå for å plukke blåveis eller tyttebær? Dei ulike artane er ikkje tilfeldig fordelte. Blåveis finst først og fremst på kalkrik grunn i rike skogstypar i låglandet, mens tyttebær er vanleg i lyngskogar, på lynghei og på rabbar i fjellet. Kvar art har sine krav til levestad, og dei har utvikla tilpassingar som gjer dei eigna til å leve i dette miljøet.

Bilder av jerv og elg. De er tilpasset ulike leveområder: fjell og skog.Jerv og elg er tilpassa til å leve i kvar sine naturtypar. 

Tilpassingar eller tilfeldigheiter?Sjølv om mange av trekka vi ser hos plantar og dyr, er tilpassingar til miljøet dei lever i, er det ikkje alltid slik. Somme artar kan vere tvinga til å leve i eit bestemt og snevert miljø rett og slett fordi dei har evolusjonære avgrensingar som gjer at dei ikkje greier seg i andre miljø.Evolusjonen er ikkje målretta, og ulike karaktertrekk oppstår tilfeldig. Kva karaktertrekk som blir førte vidare, kan avgjerast av kor godt dei er tilpassa miljøet, og dei kan delvis vere eit resultat av tilfeldigheiter. 

 

TyttebærTyttebær er vanleg i lyngskogar, på lynghei og på rabbar i fjellet.

Samspel mellom art og miljø

Det er eit samspel mellom dei ulike organismane i naturen (det biotiske miljøet) og mellom organismane og dei abiotiske faktorane som vatn, sollys og næring

Læra om dette samspelet blir kalla økologi. Eit avgrensa område som omfattar både det biotiske og abiotiske miljøet, blir kalla eit økosystem, og den biotiske delen av eit økosystem med alle populasjonar av levande organismar blir kalla eit samfunn.

Biomangfaldet rundt oss er heilt avhengig av eit mangfald av både økosystem og habitat. Øydelegging og fragmentering av habitat er derfor ein av dei største truslane mot det biologiske mangfaldet i dag.

Landskap med samfunn, populasjon og individ illustrert  i sirkler.Økosystem, samfunn, populasjon og individ.