Hopp til innhald

Fagstoff

Psykografisk segmentering

Psykografisk segmentering handlar om livsstil, meiningar, haldningar, verdiar og personlegdomstrekk, og er ein effektiv måte å dele opp marknader på. Ein som har dykking som interesse, til dømes, treng utstyr. Men kriteria er ikkje så lette å definere og måle og kan vere vanskelege å jobbe med.
Dykker med kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avgjerande tilleggsinformasjon

Demografisk informasjon åleine er sjeldan tilstrekkeleg for å definere eit segment som det kan vere verd å satse på. Menneske i same demografiske gruppe kan nemleg ha heilt ulike interesser – eller haldningar, for den del. "Kjønn" er til dømes eit demografisk kriterium. Men bak segmentet "kvinner" finn vi ei svært ueinsarta målgruppe.

Ein romturist etter landing ved byen Arkalyk i Nord-Kasakhstan i 2006. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi treng helst fleire variablar for å komme fram til eit matnyttig segment som vi kan tilpasse marknadsføringa vår til. "Kvinner mellom 40 og 60 år med interesse for reiser" kan vere eit slikt segment vi prøver å nå. Då har vi mellom anna snevra inn segmentet "kvinner" med eit psykografisk kriterium som vi har definert som "interesse for reiser".

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2023

Læringsressursar

Segment og målgruppe