Hopp til innhald

Fagstoff

"På vegner av"-journalistikk

Nyheitsforteljingar om land i sør blir framleis prega av "på vegner"-journalistikk. Slik forsterkar vestlege medium stereotype oppfatningar av afrikanske og latin-amerikanske land. Ofte handlar historiene om krig, konfliktar og katastrofar, eller om kvite som skal "redde Afrika".
Raud globus der det afrikanske kontinentet er dekt med avisoverskrifter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"På vegner av"-journalistikk

Framleis blir media i svært stor grad prega av ei ovanfrå-og-ned-haldning og "på vegner av"-journalistikk når dei rapporterer frå det afrikanske kontinentet. Ekspertar frå nord fortel oss kva som skjer på vegner av afrikanarane sjølv. Kvifor kjem vanlege folk så sjeldan til orde som det som Elisabeth Eide kallar konsekvensekspertar, eller kvinna i gata? Kvifor får vi aldri sjå afrikanarar diskutere politikk på TV?

Det er langt på veg dei same nyheitskriteria som styrer utvalet av nyheiter frå sør som frå resten av verda, men det er kanskje ikkje nok sidan vi manglar det breie biletet. Ser vi til dømes eit nyheitsinnslag om ein orkan i USA, har vi mykje annan kunnskap om landet som vi kan flette nyheita saman med.

Det afrikanske kontinentet består av 52 land med enorm spennvidde i kultur, sosiale forhold, historie og økonomi. Likevel skjer det jamleg, til dømes når dei nye NRK-korrespondentane blir kunngjorde i media: Éin skal til Washington, éin til Brussel, éin til Stockholm og éin til "Afrika".

Afrikanarar som "trengande"

Nordmenns bilete av det globale sør blir mellom anna danna ut frå dei bileta vi blir serverte i samband med dei årlege innsamlingsaksjonane på TV. Er dei samfunnsnyttige, eller skaper dei fordummande stereotypiar? TV-aksjonane er utvilsamt velmeinte, men mediebileta – både dei visuelle og dei språklege – kan vere med på å halde oppe skiljet mellom "oss" og "dei", og ikkje minst: idéen om afrikanarar som passive trengande.

Eit utsvelta mørkhuda barn med store auge. På tekstplakaten til venstre på biletet står det at 12 millionar menneske på Afrikas Horn manglar mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles for mange TV-innsamlingar og Hollywood-filmar er førestillinga om at den kvite, modige, ofte mannlege, helten skal "redde" Afrika. Nokre av desse mediebileta kan seie mykje om Noregs nasjonale sjølvbilete, og vi høyrer eit ekko av Terje Tvedts omgrep "godheitsregime". Eller som Tvedt hevdar i eit debattinnlegg i Dagbladet i 2008:

Men NRKs TV-aksjon speiler ikke først og fremst nasjonens giverglede, derimot journalistikkens absolutte sammenbrudd og verden omskapt til kulisse for Den Gode Intensjon. TV-aksjonene har skapt mektige, men samtidig fordummende stereotypier av verden.

I tillegg kan slike førestillingar om menneskegrupper som passive og ute av stand til å gjere noko med eigne livsvilkår vere til direkte hinder for handel og samarbeid, langsiktig utvikling og endring.

Idrettsutøvaren Usain Bolt i treningsdress står i ein positur der han mimar ei pil som er på veg oppover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Latin-Amerika – ein kvit flekk på kartet

I internasjonal nyheitsformidling blir nyheiter frå land i sør ofte plasserte inn i velkjende og . Det gjeld både nyheiter frå afrikanske land, asiatiske land og land i Latin-Amerika. Desse diskursane er djupt innarbeidde i måten vi i nord forstår verda på, og byggjer på som delvis er ein arv frå kolonitida. Van Gorps (2007) kallar slike mentale strukturar for schemata.

Det er altså ikke slik at journalistikk om Latin-Amerika «speiler» samfunnene i Latin-Amerika – journalistikken forteller også mye om det samfunnet som betrakter Latin-Amerika. (Krøvel m.fl. 2017)

Vestlege medium er påverka av nordamerikanske førestillingar om Latin-Amerika. Til dømes har det ikkje vore uvanleg at media omtaler land i Mellom-Amerika som "bananrepublikkar".

Ei forskargruppe har undersøkt trendar i norsk journalistikk om Latin-Amerika i perioden 2002–2015. Dei slår fast at norske medium, i større eller mindre grad, framstiller latinamerikanske styresmakter som inkompetente. Når det skjer katastrofar, blir dette ofte forklart med kriminalitet og unnfalne styresmakter.

Undersøkinga viser også at når NRK skal hente inn ein "ekspert" på Latin-Amerika i studio, så vel dei ein norsk professor framfor ein latinamerikanar busett i Noreg.

Kjelder

Eide, E. Journalistene og "de der nede" (Vesten og Resten). https://www.nordicom.gu.se/sites/default/files/kapitel-pdf/12_009_020.pdf

Krøvel, R. G. m.fl. (2017). En hvit flekk på mediekartet. Trender i norsk journalistikk om Latin-Amerika, 2002–2015 https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/10642/6205?locale-attribute=en

Tvedt, T. (2008, 1. desember). Journalistikkens sammenbrudd. Dagbladet.no. https://www.dagbladet.no/kultur/journalistikkens-sammenbrudd/66542340

Van Gorp, B. (2007). The Constructionist Approach to Framing: Bringing Culture Back In. Journal of Communication, 57(1), 60–78.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Skare Orgeret og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling