Hopp til innhald

Fagstoff

Årsaker til og verknader av sekularisering

“Trur du på Gud?” Spørsmålet blir stilt til det norske folket i undersøkinga Norsk Monitor annakvart år. I 2015 var det for første gong fleire som svarte “nei” enn “ja”. Kvifor får religion mindre betydning? Kjem religion til å forsvinne heilt?

Modernisering og sekularisering

Sekularisering er eit omgrep som blir brukt om ei utvikling der religionen si betydning blir mindre i eit samfunn. I den vestlege verda (Europa og Nord-Amerika) har det sett ut som sekularisering har gått hand i hand med moderniseringa på 1800- og 1900-talet. Mot slutten av 1900-talet blei det likevel meir og meir klart at modernisering i form av industri, urbanisering, avansert teknologi og auka levestandard ikkje nødvendigvis fører til ein nedgang i betydninga til religionen.

I Iran kom det ein sterk religiøs motreaksjon mot moderniseringa då landet etter ein revolusjon i 1979 fekk eit konservativt prestestyre. Sør-Korea blei på kort tid eit supermoderne land på slutten av 1900-talet, utan at det gjekk nemneverdig ut over religionen si stilling i landet. Det verkar altså som at modernisering kan føre til sekularisering, men at det ikkje alltid gjer det.

Nye tankar

Det kan sjå ut til at sekulariseringa har gjort seg mest gjeldande i område der protestantisk kristendom dominerer, og på stader der tankar frå opplysningstida har djupe røter. Sekularisering byggjer altså ikkje berre på materielle forhold, det handlar om nye verdiar og nye måtar å tenkje på.

Reformasjonen gav ein ny type protestantisk kristendom der religionen i større grad blei eit forhold mellom enkeltmennesket og Gud. Det blei eit klarare skilje mellom det religiøse og det sekulære. Det heilage fekk mindre plass i den protestantiske forståinga av verda gjennom at for eksempel helgenar og relikviar blei borte, og rituala fekk meir preg av å vere symbolske handlingar.

Gjennom renessansen og opplysningstida fekk ein også meir tru på mennesket si fornuft, vitskapen, individet sin fridom, og at meining og lykke kunne søkjast i dette livet utan hjelp frå kyrkje og religion. Slike endringar i mentalitet har nok vore viktige for sekulariseringa.

Irsk kyrkje omgjort til bar og restaurant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sekularisering på fleire nivå

Sekularisering skjer på mange nivå. På samfunnsnivå blir institusjonane sekularisert. I skulen blei faget kristendomskunnskap erstatta med KRL (Kristendoms- religions- og livssynskunnskap) i 1997 (seinare RLE og KRLE). I lovverket har religionen sidan 1814 hatt liten og stadig minkande betydning.

I 2012 blei statskyrkjeordninga avskaffa, og Noreg har ikkje lenger nokon offisiell religion. Mange giftar seg no i rådhuset i staden for i kyrkja, og nyfødde blir registrerte i folkeregisteret i staden for i kyrkjebøkene.

Men sekulariseringa går også føre seg på individnivå ved at religionen får mindre betydning for folk sine liv og måten deira å tenkje på. Denne tendensen ser vi tydeleg av Norsk Monitor si undersøking der stadig færre seier at dei trur på Gud. I 2015 var det for første gong fleire som svarte “nei” enn “ja”. I 2017 auka delen som svarte “nei” frå 38 til 46 prosent. 20 % svarte "veit ikkje". Sjå NRK Sørlandet: Et flertall tror ikke på Gud

Nye former for religiøsitet

På same tid er det ikkje slik at utviklinga berre går i éi retning. Sjølv om religion mange stader har mindre betydning i dag enn for 100 og 200 år sidan, ser vi også at det utviklar seg nye former for religiøsitet, og det kjem reaksjonar mot utviklinga.

Etter andre verdskrigen har ein i den sekulariserte delen av verda stadig sett bølgjer av nyreligiøse rørsler. I samband med hippierørsla på slutten av 60-talet blei austleg religion spesielt populært. Åttitalet innebar mange stader auka levestandard og fokus på materialisme. Som ein motreaksjon på dette kom ei ny bølgje av nyreligiøsitet på 90-talet.

Med auka migrasjon og internett spreier religiøse idear seg raskt til alle verdshjørne. På den eine sida har dette ført til at religion for mange har blitt ei privatsak. Ein hevdar retten sin til å “designe” sin eigen religion og hente impulsar frå ulike tradisjonar. På ei anna side har religion fått større plass i offentlege debattar og media. Religiøse hovudplagg, radikalisering og julegudstenester i skulen er tema som ein tidlegare høyrde lite om, men som no er gjengangarar i media.

Viktige fagomgrep

  • sekularisering
  • modernisering
  • reformasjon
  • renessanse
  • opplysningstid
  • nyreligiøsitet
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2022

Læringsressursar

Politikk og historiske endringsprosessar