Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det gode livet og jakta på lykka

For mange er det gode livet assosiert med tanken om eit lykkeleg liv. Men kva er eigentleg lykke? Og må ein vere lykkeleg for å ha det godt?

I NRK-programmet Verdibørsen diskuterer filosofane Kaja Melsom, Espen Gamlund og Ole Martin Moen kva det vil seie å vere lykkeleg. Utgangspunktet for samtalen er ein artikkel om Mariah Carey i kjendisbladet Se og Hør der ho fortel at ho er redd for at ho aldri vil bli lykkeleg. Samtalen i Verdibørsen startar som ein samtale om kvifor menneske som tilsynelatande har «alt», ikkje opplever at dei sjølv er lykkelege, og utviklar seg til ein samtale om kva som kan gjere liva våre til gode liv.

Refleksjonsoppgåver

Jobb deretter med desse refleksjonsoppgåvene, anten som diskusjon i plenum i klassen eller ved å skrive korte svar på spørsmåla åleine eller to og to saman.

  1. Kva meiner vi med hedonismeparadokset? Finn argument som støttar opp om at lykka ikkje er noko ein finn ved aktivt å søkje etter ho.
  2. Kva legg du/de i omgrepet lykke?
  3. I programmet diskuterer dei samanhengen mellom omgrepa lykke og meining. Diskuter denne påstanden: Ein kan vere lykkeleg sjølv om ein ikkje ser «meininga med livet», og ein kan vere ulykkeleg sjølv om ein ser ei meining med det.
  4. I programmet kjem filosofane med nokre argument for å avskaffe lykkeomgrepet. Kva for argument er det? Er du einig med dei?

Oppsummering

Ta utgangspunkt i dine eigne idear om «det gode livet», og samanlikn med dei ulike synspunkta du no har fått innblikk i. Skriv kort ned kva syn som stemmer best overeins med ditt eige.

  • Tenkjer du at innsikt i det gode livet er vegen å gå?
  • Trur du det gjeld å få realisert det fulle potensialet ditt?
  • Er det å få brukt evnene dine i eit sosialt fellesskap?
  • Føler du at det er mest mogleg nyting som skal til?
  • Har du heilt andre perspektiv?

Del tankane dine med ein medelev.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Det gode livet