Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonskjelder og kjeldekritikk

Kva for kjelder kan vi stole på, og kan vi bruke dei som vi vil? Sjølv om vi helst ville at «nokon» kunne servere oss informasjon som alltid er til å stole på, er ikkje verda slik. Vi treng kompetanse i å søkje informasjon og samstundes vere i stand til å vurdere kvalitet og truverd.

Kjeldekritikk

Kjeldekritikk er viktig innan alle fag i skulen og ikkje minst i naturfaget. Bioteknologi, ernæring og helse og berekraftig utvikling er blant temaa frå læreplanen der kjeldekritikk er heilt nødvendig. Og jo større usemje noko skaper, dess meir vil informasjonen sprikje.

Dersom ein ikkje har eit medvite forhold til kjeldene, er det lett å gå glipp av nyansane. Dette gjeld for klimaspørsmål så vel som for genteknologi og kosthald. Det finst mange meiningar, og er du ukritisk, kan du ende kor som helst. Det blir ofte krangla i fagmiljøa også, men det gjeld å finne ut kva som er den vitskaplege diskusjonen, og kva som er politikk, seier Sørborg, som arbeider med viten.no og naturfag.no.

Kjelder til informasjon

Tradisjonelle kjelder

Mykje god informasjon finst i bøker, aviser og tidsskrift, men etter kvart har mykje av den same informasjonen blitt digitalisert og er dermed lettare tilgjengeleg for alle. Ein bibliotekar kan vise deg korleis du får tilgang gjennom BIBSYS både til papirutgåver og digitale kjelder.

BIBSYS - Bibliotekbase der du kan søke, låne og bestille.

Internett

I dag er truleg søk på Internett den mest brukte metoden for å skaffe seg informasjon om eit tema. Du har sikkert «googla» mange gonger, og kanskje erfart at store søkjemotorar som Google ikkje kvalitetssikrar dei treffa du får. Nokre artikkelforfattarar har liten kunnskap om det dei skriv om, og andre har eigeninteresse i å vri på sanninga eller plante falske nyheter, men her finst også svært mykje godt stoff.

Sjå videoen som er laga av Medielabben i TV2 om kildekritikk. På nettet spreier rykte og usanningar seg veldig fort. Ei slik medviten og planlagd løgn blir kalla ei avisand (hoax på engelsk).

Korleis kan du så finne gullet blant all gråsteinen?

Ein nettstad som faktisk.no kan hjelpe deg med å sjekke sanningsverdien. Få av oss er flinke nok til å bruke søkjemotorane effektivt. Ofte får vi for mange treff, og treffa er ikkje like relevante. Derfor er det nyttig å forstå kva ein søkjemotor er, og korleis han fungerer.

RSS

Det er mogleg å få artiklar frå utvalde kjelder og tema servert gjennom innmating med RSS, dersom nettstadene har lagt til rette for det som hos forskning.no.

Engelsk side med forklaring på kva RSS er frå Commoncraft.com

Slik vurderer du ei internettadresse

PC og en trakt som filtrerer data. Tegning.

Domenenamnet, før siste punktum og første skråstrek i ei nettadresse, er ei kjelde du bør undersøkje. Merk at lenker kan føre til ein heilt annan stad enn lenketeksten du klikkar på. Finn ut kor denne leier: domenenavn.no/forvirrende/lenke

Når du skal vurdere ei kjelde, er det særleg fire forhold du må sjå på:

  • truverd
  • objektivitet
  • nøyaktigheit
  • dugleik

Nokre gode råd

  • Samanlikn fleire kjelder om den same saka. Dersom fleire kjelder gir liknande informasjon, aukar det truverdet.
  • Sjekk kven som er avsendar. Er det ei truverdig kjelde? Kva for rolle eller eigeninteresse har kjelda i denne saka?
  • Snevre inn søket med fleire stikkord.
  • Bruk gjerne offentlege nettstader som har eit formidlingsansvar om dette temaet.
  • Gjer deg kjend med nokre nettstader som du stolar på, og sjekk dei opp mot dei andre kjeldene du finn.

Oppgi kjelde, opphavsrett og gjenbruk


Når du skriv oppgåver, held føredrag eller liknande, skal du alltid oppgi kjeldene du bruker. Mange gonger er det nok å oppgi internettadresser til artiklane du har brukt. Andre gonger blir det kravd ei litteraturliste. Det finst reglar for korleis litteraturlister blir laga, og for naturvitskap blir det tilrådd å bruke eit system som er beskrive i Kildekompasset.

Eksempel på litteraturliste på Kildekompasset.no .

Du kan aldri publisere noko som andre har laga som ditt eige verk. Men ein CC-lisens kan gi deg rett til å gjenbruke det, og eventuelt lage din eigen versjon, så lenge du krediterer den som har opphavsretten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Einar Berg.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019

Læringsressursar

Utforsking, risiko og rapport